22. april 2012

Dagens låt 22.04.2012



Søndager egner seg best til rolig musikk med masse sjel. Dagens låt blir derfor "Shine on You" av The Duke & The King. Det er ein fantastisk soulballade med masse sjel og glede. For meg er dette bandet definisjonen av "Cosmic American Music", Soul, Folk, Country og Rock i skjønn forening. 
Det ser dessverre ut til at bandet har tatt ein pause på ubestemt tid, men det bør ikkje hindra ein i å høyre på dei to platene dei har gitt ut. Både "Nothing Gold Can Stay" og "Long Live The Duke & The King" er fantastiske, men favoritten er "Long Live..." .
Eg er dessuten veldig glad for at eg fekk sett dei live på BergenFest i fjor. Ein fantastisk konsert som rørte langt inn i hjerterota. Og eg har ein sterk følelse av at eg ikkje var den einaste som følte det den kvelden. 


Låten kan høyrast på last.fm og via WiMP. Den er dessverre ikkje på Spotify.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar