27. april 2012

Dagens låt 27.04.2012


Richard Youngs er ein artist eg har høyrd mykje på dei siste åra. Han har gitt ut ein drøss med plater som varierer frå støy til a cappella. Dagens låt er frå "Sapphie" som består av tre lange låter med kun akustisk gitar og vokal. "It Soon Will Be Free" er første låt på plata og ein av dei vakraste låtane eg veit om. Viss ein likar denne låten bør ein sjekke ut resten av plata, og også platene "Making Paper" og "Autumn Response". Deretter kan ein forsøke seg på dei meir eksperimentelle platene hans. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar