9. mai 2013

Horseback





Horseback har blitt eit av mine favorittband i løpet av dei siste åra. Musikken er ein psykedelisk blanding av Black Metal og Americana med ein god porsjon Droning slengt inn i miksen. Horseback er egentlig Jenks Miller, men har i etterkvart fått fleire medlemmer.
Debutten "Impale Golden Horn" kom i 2007 og er Horseback på sitt mest dronete. Plata er Jenks Miller sitt forsøk på å få bukt med tvangstankane sine. Om han lyktes er eit anna spørsmål, men plata er i alle fall meditativ og ein flyt avgårde i ein psykedelisk rus som er heilt fantastisk. Plata er gitt ut på vinyl av Three Lobed Recordings og på cd av Relapse Records i lag med "Forbidden Planet".






Plate nummer to er "The Invisible Mountain" som er min personlige Horseback-favoritt. Det er ei fantastisk plate der dei tre første låtane er ein blanding av Krautrock, Americana og Black Metal. Fantastiske låter som ruller og går i eit perfekt tempo. Siste låten på plata er "Hatecloud Desolving into Nothing" som er ein 16 minutt lang drone som er ein perfekt avslutting på plata. Plate kom først ut på Utech Records før Relapse gav den ut på nytt i større opplag. Plata kom høgt opp i kampen om årets album til fleire kritikarar eg har sansen for, og det var slik eg oppdaga plata.






Etter "The Invisible Mountain" kom "Forbidden Planet" på kassett og det er Horseback som Black Metal-band. Den kom på cd på Relapse der cd1 er "Impale Golden Horn" og cd2 er "Forbidden Planet". Den samlingen har namnet "The Gorgon Tongue". Eg har ikkje heilt fått taket på "Forbidden Planet" enda, men eg antar at det berre er snakk om å bruke litt tid på den før den sit. 
Den foreløpig siste plata til Horseback er "Half Blood" som kom ut i 2012. Den er på mange måter ein naturlig oppfølger til "The Invisible Mountain" då musikken er i same leia og oppbyggingen på plata er den same med låtane først før den avsluttes med ein lang drone. Låtane er litt meir varierte på "Half Blood" og drona er delt opp i 3 delar.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar