26. januar 2014

Miksteip


Her er ein liten miks eg har lasta opp på soundcloud. Miksen består av:

Young Hunter - Cities of Black Mesa
Psykedelisk ørkenrock med innslag av svartmetall og doom. Frå den fantastiske plata "Stone Tools" som kan kjøpes på bandcamp.

Horseback - On the Eclipse
Kanskje Horseback sin mest catchy låt som opprinneleg kom på ein 7 tommer, men som no også kan høyrast på "A Plague of Knowing"

Jacks - Love
Japansk band som gav ut eit par plater på 60-talet. Nydeleg låt som finnes på albument "Vacant World" og låten har også blitt covra på nydelig vis av Damon & Naomi.

Jessica Pratt - I've Got a Feeling
Nydelig låt av Jessica Pratt. Her frå ein folkadelphia-session som kan lastes ned gratis.

LSD March - Empty Rubious Red
Fantastisk psykedelisk låt fra japanske LSD March. Det er tittelsporet på plata "Empty Rubiuos Red", og det mest høglytte sporet på ei ellers roleg plate.

10. desember 2013

2013: Ein oppsummering

Her er ein liten årsoppsummering av 2013. Musikkåret var for meg mest prega av Hiss Golden Messenger og plater som eg oppdaga som følge av HGM. Det inkluderer artister som Cian Nugent & The Cosmos, Steve Gunn og Chris Forsyth. Alle har gitt ut virkelig bra plater i år, og forhåpentligvis kjem det meir neste år.
Eg har laga ei liste for årets 10 beste plater, årets 5 beste EPer og i tillegg har eg eit par andre kategorier der eg skriv om plater og plateselskap som har utmerka seg i 2013.



Årets 10 beste plater:

1. Hiss Golden Messenger - Haw

Dette er den første Hiss Golden Messenger-plata eg høyrde og eg likte den veldig godt med ein gong. Etterkvart måtte eg høyre igjennom den kvar dag, og den og Hiss Golden Messenger har vært det eg har høyrd mest på i løpet av det siste året. Fantastisk plate og eit fantastisk band som traff meg rett i hjartet. 




2. Deafheaven - Sunbather

"Sunbather" er på mange måter den aller beste plata som kom i år. Storslått og emosjonell svartmetall som har slått ann langt utenfor metallscena. Plata består av 4 lange låter bundet saman av 3 kortare mellomspel og som heilheit fungerer det perfekt. Ei fantastisk plate som nok vil stå igjen som ein av dei beste og viktigaste metallplatene i dette tiåret.





3. Cian Nugent & The Cosmos - Born With the Caul

"Born With the Caul" er den første plata til Cian Nugent & The Cosmos. Nugent har tidlegare gitt ut nokre plater som soloartist der han opperer i John Fahey-land. Med The Cosmos opperere han i eit landskap ein plass mellom Television, Fairport Convention og Grateful Dead. Det er ei fantastisk plate og viss ein liker den må ein og kjøpe Hire Purchase-singelen frå Bandcamp.







4. MV & EE - Fuzzweed

"Fuzzweed" var MV & EE sitt første album for året og det er ei fantastisk plate der dei blander country/folk/rocken sin og deira meir psykedeliske ekskursjoner. Det begynner med ein kort psykedelis intro før det kjem 3 fantastiske låter. Dei avslutter med at side 2 er ein lang psykedelisk sak som er fantastisk bra. Det er kanskje ikkje den mest tilgjengelige plata deira, men den anbefalast varmt.





5. Windhand - Soma

Windhand er ein av dei nye oppdagingane mine frå 2013 og det er årets nest beste metallalbum. Ei stonerdoom-plate der alt er dekka av eit nydelig lag med fuzz. Emosjonelt og storslagent med gode riff og melodier, og coveret passer perfekt til plata.






6. Chris Forsyth - Solar Motel

"Solar Motel" er på mange måter i same landskap som "Born With the Caul", men den er meir psykedelisk og den er meir rock og mindre folk. Chris Forsyth har studert gitar med Richard Lloyd frå Television og det merkes. Dei har til og med covra "Little Johnny Jewel" live.





7. My Bloody Valentine - m b v

"m b v" dukka plutselig opp ein laurdagskveld i februar. Det hadde versert rykter om at det var ei ny plate på gang og dei hadde spelt i alle fall ein av låtane live, men det var likevel ein stor overraskelse at plata dukka opp. Og det verste av alt var at den levde opp til forventningane. Ei fantastisk plate som begynner ikkje ulikt der "Loveless" slutta for så å ta ein venstresving inn i nytt men naturlig landskap mot slutten av plata. Og "wonder 2" som er siste låten er den beste på plata.





8. Wooden Wand & The World War IV - Wooden Wand & The World War IV

Wooden Wand har gitt ut to plater i år. Først kom "Blood Oaths of the New Blues" i Januar, og så kom denne plata i oktober. Der "Blood Oaths" ikkje er ulike Briarwood er "World War IV" deprimert og elektrisk. Nærmaste samanligning er nok Neil Young sin ditch-trilogi ("Times Fade Away", "Tonight's the Night" og "On the Beach"), noko som kanskje ikkje er unaturlig med tanke på at James Jackson Toth (som er Wooden Wand) har tatovert WWNYD (What Would Neil Young Do) på handa si.




9. Steve Gunn - Time Off

"Time Off" er Steve Gunn sitt første album med fullt band og det er ein samling med låter som duver avgårde i behagelig tempo der ein kan nyte roen i musikken, og føle korleis den roen sprer seg i kroppen. I tillegg kan ein nyte det fantastiske gitarspelet. Nydelig plate.




10. William Tyler - Impossible Truth

William Tyler dukker opp på "Haw" og har turnert med Hiss Golden Messenger i tillegg til at han er medlem av Lambchop. Soloplata hans "Impossible Truth" er ei nydelig plate. Den er inspirert av John Fahey og hans likesinnede, men den lener seg meir mot country enn folk. Noko som kanskje ikkje er så rart med tanke på at Tyler er frå Nashville.





Årets beste EPer

1. Perfect Pussy - I have lost all desire for feeling

Å høyre på Perfect Pussy er som å stå i ein storm der lyden av vind er alt ein høyrer og der det plutselig dukker opp melodier i alt bråket. Bandet er frå Syracuse og har foreløpig kun gitt ut denne demoen/epen. Musikken raser avgårde med masse energi og støy, men det er melodier begravd i alt bråket. Nærmaste samanlikningen er kanskje Hüsker Dü og No Age.




2. Desert Heat - Cat Mask at Huggie Temple

Desert Heat består av 2 gitarister som har plater på lista mi i Cian Nugent og Steve Gunn. I tillegg er John Truscinski med på trommer. Gunn og Truscinski har gitt ut eit par plater som duo, men dette er den første utgivelsen med Cian Nugent på laget. Resultatet er uanstet ein herlig blanding av psykedelia, raga og hefitg jamming.




3. Bardo Pond - Rise Above It All

Bardo Pond gav ut "Rise Above It All" i forbindelse med Record Store Day, og det er ein EP med to lange låter der første låt er ein cover av Funkadelic sin udødelige "Maggot Brain", og den andre låten er Pharoah Sanders sin like udødelige "The Creator Has a Master Plan". Ingen av coverane når heilt opp til originalen, men dei er veldig bra begge to. Bardo Pond gav i tillegg ut ei ny studioplate som kjem rett utenfor mi topp 10 liste.




4. A Pregnant Light - Domination Harmony

"Domination Harmony" var den første av 2 EPer som A Pregnant Light gav ut i 2013. Den andre "Stars Will Fall" er nesten like god, men denne er favoritten. Her utvider A Pregnant Light soundet sitt med litt akustiske gitarer og til og med clean synging, men fortsatt er det for det meste ein blanding av svartmetall, post-punk og post-rock. Bandet sjølv kaller det Purple Metal og det er nok ein beskrivelse god som nokon. Fantastisk band med ein 6-7 fantastiske EPer frå dei siste åra. Og det er endeleg ein fulllengder på gang.




5. Alluring - The Room

Alluring er eit Funeral Doom-band på same label som A Pregnant Light. Musikken er naturlig nok dyster og epen byrjar sjølvsagt med lyden av regn. Lyden er ganske lo-fi, men kvaliteten kjem likevel godt fram. Alluring har ikkje gitt ut noko meir enn denne epen, så det blir spanande å sjå om det kjem noko meir frå den kanten.





Årets samarbeid

Golden Gunn - Golden Gunn

Golden Gunn er eit samarbeid mellom Hiss Golden Messenger og Steve Gunn som Three Lobed Recordings gav ut i forbindelse med Record Store Day. Plata er ulik både "Haw" og "Time Off". Den er meir funky og havner i eit slags JJ Caleland. Det er ein blanding av instrumentaler og låter og det fungerer som berre det.





Årets plateselskap

Paradise of Bachelors har gitt ut 3 av platene på mi topp 10 liste og det inkludere den på topp. I tillegg til "Haw", "Time Off" og "Solar Motel" har dei og gitt ut to spanande reissues i løpet av året. Så totalt har dei gitt ut 5 plater som alle treffer blink. Og dei gav og ut ei plate med Promised Land Sound som også er ei bra plate, men den har ikkje heilt det same kvalitetsnivået som dei andre. Forhåpentligvis fortsett dei i same stil neste år. Det begynner i alle fall bra med nyutgivelsen av Hiss Golden Messengers sin fantastiske "Bad Debt". Og forhåpentligvis blir det også eit nytt Hiss Golden Messenger album. Smakebiter frå alle platene kan høyrast her.




Årets oppdagelse

Hiss Golden Messenger er den artisten eg har høyrd desidert mest på i løpet av året. Eg er usikker på kvifor og når eg høyrde "Haw" for første gang, men etter det har det blitt mange lytt. Og resten av katalogen til HGM har også fått veldig mange lytt. I tillegg har det ført til at eg har oppdaga artister som Steve Gunn, William Tyler, Desert Heat og mange fleire. Fantastisk band/artist som eg gleder meg til å følge i dei komande åra.

25. november 2013

Live at Cafe Oto


Den siste veka har to av mine favorittartistar gitt ut liveplater frå Cafe Oto i London digitalt. Hiss Golden Messenger gav ut "London Exodus" som er eit opptak av ein konsert frå mai i år og Red River Dialect gav ut "Live at Cafe Oto" frå oktober i år.

"London Exodus" kan kjøpes direkte eller så får ein den med viss ein forhåndsbestiller nyutgivinga av "Bad Debt". Den er uansett ei nydelig liveplate der William Tyler (kjend frå Lambchop og som soloartist) speler gitar gjennom heile plata. Ein får nydelige versjoner av låter frå alle platene til Hiss Golden Messenger i tillegg til eit par coverlåter. Anbefalest høgt.



"Live at Cafe Oto" av Red River Dialect blir gitt ut for å finansiere den nye plata deira. På opptaket får ein 3 gamle låter i nye arrangement pluss tre nye låter som kanskje kjem på den nye plata. Flott liveplate er det uansett og viss ein ikkje har høyrd "'awellupontheway'" enda må den sjekkes ut. Eit av fjorårets beste album. Tenk ein miks av Fairport Convention og The Waterboys med og ein er eit godt stykke på vei. Eller som Dusted Magazine skreiv om "'awellupontheway'": "(the)songs, eight of them here, take the lilt and roll of British sea chanties and blow them into amplified, feedback-droning, violin squalling anthems. This is, no kidding, one of the best folk-derived, psych-filtered rock albums of 2012, a great hoary rampaging beast of a record that rakes bloody, violent claws through the symmetries of traditional folk."



6. november 2013

Heroin


Då er det på tide med ei ny speleliste og tida har kome for ei speleliste der alle låtane handler om heroin. Den byrjer med euforiske "There She Goes" og "Another Girl, Another Planet" før David Bowie og Mick Ronson covrer Velvet Underground.

Deretter blir det meir eksplisitt dopbruk med "Mr. Brownstone" og "Junkhead". Når det gjelder Alice In Chains så kunne vel nesten heile "Dirt"-plata blitt brukt i ei speleliste som dette. "Junkhead" er uansett ein av mine Alice In Chains-favoritter med ein fantastiks gitarsolo.

 "Beetlebum" og "Sister Morphine" er litt meir nedpå før Velvet Underground sin klassiske "Heroin" kjem inn med sin dronande bratsj. Deretter tar Elliott Smith det enda meir nedpå med "Needle in the Hay"før "Signed D.C" og "Narkoman" og "I Believe in You" virkelig viser skyggesida av dopet. 


15. oktober 2013

Wooden Wand


James Jackson Toth har gitt ut massevis av plater under namnet Wooden Wand. Ein del med Vanishing Voice og seinare med andre namn. Dei tidlege platene er rare saker, men dei siste tre platene er fantastisk amerikana. Dei er alle spelt inn med dei same musikarane og den siste plata har kome ut under namnet Wooden Wand & The World War IV.

Den første er "Briarwood" som eg synest er den svakaste av dei tre. Den åpner med "Winter in Kentucky" som er ein nydeleg låt, men resten er ikkje fullt så bra som den.

Oppfølgaren "Blood Oaths of the New Blues" er eit steg nærmare Neil Young & Crazy Horse-land noko som ikkje er så rart når Toth har ein tattovering der det står WWNYD (What Would Neil Young Do). Han har forøvrig gått igjennom og rangert alle Neil Young-platene for Stereogum. Vel verdt tida det tar å lese igjennom.

"Blood Oaths of the New Blues" er mørkare og treigare enn den forholdsvis oppløftande "Briarwood", men eg synest låtane og arrangementa er hakket bedre.

Den siste plata i den foreløpige trilogien er "Wooden Wand & The World War IV" som er den plata som er mest støyande og mest likt det Neil Young har gitt ut med Crazy Horse. Nok ei fantastisk plate som anbefalst på det sterkaste. Og viss ein liker desse platene er det mykje meir å oppdage, då han har eit ukjend antall utgivelser under variasjoner av Wooden Wand og også under sitt eige namn.






16. september 2013

Nye plater


Vattnet Viskar har levert ei av årets beste Black Metal-plater i "Sky Swallower". Plata er under 40 minutt, men det er 40 episke og til tider vakre minutt. Plata kan på mange måter minne om Deafheaven sin "Sunbather", men det er mindre punk/hardcore i soundet og meir metal. Uansett ei plate som er vel verdt å tilbringe tid med. 


 
Den andre plata eg vil anbefale er "Soma" av Windhand. Det er ei doom/stoner-plate som er innrøykt i tjukk fuzz. Massivt, treigt og vakkert. Fuzzen på plata er kanskje den mest massive eg nokon gong har høyrd. Kan i alle fall ikkje hugse ei plate med så massiv og tøff fuzz. Viss ein har sansen for band som Sleep, 40 Watt Sun og Warning er dette ei plate som anbefalast sterkt.