31. desember 2012

Dagens låt 31.12.2012


Nok eit år er over og det er på tide å sjå fram mot eit nytt eit. Og kva bedre måte å avslutte året på er det enn Japandroid sin fantastisk "The House That Heaven Built"? Når ein høyrer den låten kan ein ikkje gjera anna enn å løfte glaset og gaule med. 

30. desember 2012

Dagens låt 30.12.2012


Epinastic Movements var eit popband frå Trondheim som eksisterte på tidleg 90-tal. Grunnen til at eg kjenner til bandet er at Motorpsycho covra "President Block" på Wearing Yr. Smell-epen. Fantastisk låt som er dagens låt i dag. 

29. desember 2012

Dagens låt 29.12.2012


"Reynardine" er ein tradisjonel britisk ballade som har blitt framført siden tidlig på 1800-talet. Det er sjølvsagt spelt inn mange versjoner av denne låten. Dei eg likar best er Fairport Convention sin, og Drcarlsonalbion (Dylan Carlson frå Earth) sin versjon som er sterkt inspirert av Fairport. I tillegg har Anne Briggs ein nydeleg a capellaversjon og Bert Jansch ein akustisk versjon som er verdt å høyre. 




28. desember 2012

Dagens låt 28.12.2012


Det er på tide med litt groovy blues/rock og då finnes det ikkje mykje som er tøffare og betre enn "La Grange" av ZZ Top. Fantastisk riff og det groover som fy. 

27. desember 2012

Dagens låt 27.12.2012


Det er på tide å legge jula bak seg no, og då passer det bra med ein av mine favorittlåter. "Ingen vei tilbake" er The Aller Værste på sitt beste og mest poppa. Fantastisk låt som garantert får ein i godt humør. 

26. desember 2012

Dagens låt 26.12.2012


Slade sin "Merry Xmas Everybody" er ein klassisk julelåt som garantert får allsangen i gang. 


25. desember 2012

Dagens låt 25.12.2012


Eg fortsett med litt meir julemusikk, og då er det på tide med "Happy X-mas (War is Over)" av John Lennon. Ein klassisk og optimistisk julelåt som bør bli høyrd minst ein gang i løpet av jula.

 

24. desember 2012

Dagens låt 24.12.2012


For meg kunne det berre vera ein låt som dagens låt i dag, og det er "Fairytale of New York". Julestemninga kjem med ein gang pianointroen byrjar. Sjølv om låta handlar om å gå på fylla på julafta så er det ein perfekt julelåt.
God jul!




Og her er alle julelåtane samla i ei liste:

23. desember 2012

Dagens låt 23.12.2012


I vår familie har det blitt tradisjon å sjå "Love Actually" på lille julaften. Dagens låt må difor sjølvsagt være Mariah Carey sin "All I Want for Christmas is You" på grunn av denne scena frå filmen: 



Det blei og spelt inn ein fin versjon med Mariah Carey, The Roots og Jimmy Fallon tidlegare i høst:


22. desember 2012

Dagens låt 22.12.2012


Siste lørdag før jul er ein dag som får fram stresset i dei fleste og dagens låt handler om alt stresset med jul. Marte Wulff sin "Alle Gode Ønsker (tapper julesang)" beskriv dette på utmerket vis og med ein catchy og uptempo låt burde denne gi dei fleste eit lite avbrekk og eit lite smil.

21. desember 2012

Dagens låt 21.12.2012

Viss ein byrjar å bli lei alt maset før jul er dagens låt ein real oppkvikkar. 

20. desember 2012

Dagens låt 20.12.2012

Low sin versjon av "Silent Night" er selvfølgelig treig, depressiv og veldig bra. Heile EPen anbefalast på det sterkaste. 


19. desember 2012

Dagens låt 19.12.2012


"Christmas Card from a Hooker in Minneapolis" er ein nydeleg låt av Tom Waits som kanskje ikkje er så julete, men ikkje alle julelåter treng å ha bjeller og barnekor. 

18. desember 2012

Dagens låt 18.12.2012


Radioresepsjonen har vert fast følgesvenn når eg har vert ute og godt dei siste åra, og då må sjølvsagt deira julelåt være med som dagens låt. 

17. desember 2012

Dagens låt 17.12.2012


Mogwai sin "Christmas Song" er ein stille og roleg instrumentallåt som passer fint som eit avbrekk i ein stressa kvardag.

16. desember 2012

Dagens låt 16.12.2012


Hem sin versjon av "Have Yourself a Merry Little Christmas" er ein nydelig var versjon, og den passer perfekt ein stille søndag i desember. 

15. desember 2012

Dagens låt 15.12.2012


"Christmas in Hollis" er RUN-DMC sin julelåt og det er in artig julelåt med masse bjelleklang og sampling av klassikse julelåter. 

14. desember 2012

Dagens låt 14.12.2012


"The Christmas Song" er ein søt og kort julelåt litt i ånda til Phil Spector, men med ein liten moderne vri. 


13. desember 2012

Dagens låt 13.12.2012


"I Want an Alien for Christmas" er julepowerpop om å ønske seg eit romvesen til jul og all moroa ein kan ha det i lag. 

12. desember 2012

Dagens låt 12.12.2012


"Christmas in Washington" er ikkje ein rein julelåt, men ein låt om det å ha medfølelse med medmenneska og det å stå opp for det ein trur på. Uansett ein nydeleg låt av Steve Earle. 

11. desember 2012

Dagens låt 11.12.2012


Fucked Up er eit band med mange rare ideer og innfall. I 2009 covra dei "Do They Know It’s Christmas?" der dei fekk med seg mange artister til å synge ei linje, blant andre er Yo La Tengo, GZA, Bob Mould, Tegan & Sara, Andrew W.K., Kyp Malone, David Cross, og Kevin Drew. Artig cover som dessverre ikkje er på spotify, men youtube har den sjølvsagt.

10. desember 2012

Dagens låt 10.12.2012


Veka byrjar roleg og fint med Sufjan Stevens sin versjon av "O Come, O Come Emmanuel" som er ein moderne versjon av ein gamal kristen tekst. Nydleg låt er det uansett.


9. desember 2012

Dagens låt 09.12.2012


"Stjernesludd" er ein nydelig og litt trist julelåt av DumDum Boys. Det er ein av mine julefavoritter og den passer godt inn i ein miks av julelåter.

8. desember 2012

Dagens låt 08.12.2012


"Little Saint Nick" er The Beach Boys sin mest kjende julelåt og det er egentlig ein av deira tidlege låtar tilsatt bjeller og juletekst. Og meir trengs ikkje for å få ein fin julelåt. 

7. desember 2012

Dagens låt 07.12.2012


"Christmas in a Northern Town" er ein nydelig forsiktig julelåt frå The Margarets som passer fint inn i førjulsstresset.

6. desember 2012

Dagens låt 06.12.2012


"A Christmas Gift for You from Phil Spector" er eit legendarisk julealbum og den beste låten frå den plata er "Christmas (Baby Please Come Home)" framført av Darlene Love. 

5. desember 2012

Dagens låt 05.12.2012


Moneybrother sin "Falling In Love (With Christmas Time)" er ein ny og relativt ukjend julelåt, men eg liker den såpass godt at den må med som ein julelåt. Litt Springsteen og litt jul. Bra kombinasjon. 

4. desember 2012

Dagens låt 04.12.2012


"Christmas Time (Don't Let the Bells End)" er The Darkness sin julesang fra 2003, og den har alt som trengs for at det skal være ein skikkeleg julesang. Det er både bjelleklang og barnekor tilstede, og den er allsangvennlig slik ein god julelåt skal være. Og siden dette er The Darkness er det sjølvsagt meir enn litt ironi i bildet. 


3. desember 2012

Dagens låt 03.12.2012


The Source har julekonserter kvart år og i 2007 gav dei ein av dei ut på plate. Det er mykje rare greier på plata, men noko av det sitt som eit skudd. Eg liker spesielt godt "På loven sitter nissen" i ein groovy arabisk innpakking. 

2. desember 2012

Dagens låt 02.12.2012


"Merry Christmas (I don't Wanna Fight Tonight)" er The Ramones sin julelåt, og den er selvfølgelig veldig Ramones.

1. desember 2012

Dagens låt 01.12.2012


Det er 1. desember i dag og då er det på tide å finne fram julemusikken igjen. Low gav i 1999 ut sin fantastiske juleep "Christmas". På den er det både egne julelåter og klassiske julelåter. Alt blir selvfølgelig spelt sakte og melankolsk. Det einaste unntaket er "Just Like Christmas" som åpner EPen og den er på god vei til å bli ein juleklassiker.

30. november 2012

Dagens låt 30.11.2012


"Misty" er eit av høgdepunkta på det fantastiske albumet "50 Words for Snow". Det er ikkje heilt ein julesang, men den handler om ein snømann så difor blir den dagens låt i dag og ikkje i desember. 


29. november 2012

Dagens låt 29.11.2012


"The Wolves (Act I and II)" er midtpunktet på "For Emma, Forever Ago" og kanskje den beste låten på den plata. "Act I" er roleg og vakker, og "Act II" bygger seg sakte opp der tekstlinja "What might have been lost" gjentas igjen og igjen med stadig økande intensitet. Dette fungerer sjølvsagt enda betre live enn på plate, og eg har difor lagt ved eit liveopptak frå youtube. 


28. november 2012

Dagens låt 28.11.2012


"Kettering" er spor to på The Antlers sin fantastisk debut "Hospice". Plata er melankolsk, mørk og vakker. Med andre ord perfekt for ein mørk novemberkveld. 

27. november 2012

Dagens låt 27.11.2012


Eg hadde egnetlig lyst til å ha a cappella versjonen av "Summer's Edge" som dagens låt, men den er dessverre ikkje lett tilgjengelig på nettet. Difor blir det "Summer's Edge II" som blir dagens låt. Melodien er den same, men denne versjonen har backingspor og.

26. november 2012

Dagens låt 26.11.2012


The Warlocks er eit band eg egentlig burde likt meir enn eg gjer, men "Moving Mountains" treff meg der den skal. 



25. november 2012

Dagens låt 25.11.2012


"Realize" er åpningssporet på "Barely Real" EP-en som Codeine gav ut i 1992. Låten er på mange måter typisk for kva Codeine dreiv på med, og viss ein liker denne bør ein sjekke ut resten av katalogen deira. 

24. november 2012

Dagens låt 24.11.2012


"Untitled #1" er eit av to store høgdepunkt på "The Blue Moods of Spain". Det andre er sjølvsagt "Spiritual" som er blitt covra av ei lang rekke artistar. "Untitled #1" har ein catchy melodi og rusler avgårde i eit passeleg tempo. 

23. november 2012

Dagens låt 23.11.2012


"Once" er nok ein nydelig låt frå "Something is Like Nothing Was". Etter at Monopot blei oppløyst har det kome meir musikk frå den kanten, men med minimalt med oppstus. Musikken kan lastas ned gratis frå Black Smoke Records. Mykje fint der som bør høyrast. 

22. november 2012

Dagens låt 22.11.2012


"Charlotte Sometimes" er ein av The Cure sine beste og mest melankolsek låter og det passer veldig bra ein regntung novermberdag. 

21. november 2012

Dagens låt 21.11.2012

"Love Hurts" er gjort i ørten forskjellige versjoner, men for meg er det kun ein som tel, og det er sjølvsagt Gram Parsons og Emmylou Harris sin. Det er vanskelig å finne ein finare og tristare versjon av denne. 

20. november 2012

Dagens låt 20.11.2012


Emmylou Harris skreiv ikkje mange låter tidleg i karrieren, men når ho først gjorde det var det solide saker. "Boulder to Birmingham" handler om Gram Parsons og er eit av Emmylou sine største øyeblikk.

19. november 2012

Dagens låt 19.11.2012


"Homeopathic" er første låt på "Gift for the End" og det er ein nydelig låt. Resten av plata er like bra, og det er definitivt ein av årets beste plater. 

18. november 2012

Dagens låt 18.11.2012


"Intervention" var første smakebit frå "Neon Bible" og eg kan hugse at eg spelte låten om og om igjen då den dukka opp på nettet. Ein fantastisk låt som eg fortsatt er akkurat så storslagen og intens som Arcade Fire skal være.

17. november 2012

Dagens låt 17.11.2012


"Dans til Musikken" er frå The Aller Værste! sin andre singel og er ein fantastisk dansbar låt. Og den har ein støyande og atonal solo som passer perfekt inn.

16. november 2012

Dagens låt 16.12.2012


"Whole Lotta Rosie" er AC/DC sin aller tøffete låt og ein perfekt låt til fredagskvelden. Dessverre er ikkje AC/DC tilgjengelig på streaming, så det må bli ein livevideo frå youtube. 

15. november 2012

Dagens låt 15.12.2012


"I'm Eighteen" er kanskje Alice Cooper sin største klassiker. Tøft riff og allsangvennlig refreng (Turboneger har sjølvsagt stjelt det) gjer dette til ein perfekt låt øldrikking. 

14. november 2012

Dagens låt 14.12.2012


"Alison" er ein nydelig melankolsk poplåt frå Slowdive. På mange måter ein tidstypisk låt i shoegazeånda, men melodien er nydelig og låten har eit perfekt tempo. 

13. november 2012

Dagens låt 13.11.2012


"Sigourney Weaver" er ein av mange fantastiske låter på John Grant sin "Queen of Denmark". Heile palta er bra og denne låten er ein av dei første som sett seg på hjernen. 

12. november 2012

Dagens låt 12.11.2012


Krallice er eit band eg har eit litt anstrengt forhold til. Dei har ein del bra saker, men det blir fort litt for mykje med dei. Eit fantastisk unntak er dog "Forgiveness in Rot" som er siste låt ut på deira første plate. Episk, storslagent og med ein melodi som ein kan gripe tak i.