31. januar 2013

Dagens låt 31.01.2013


The Mars Volta har gitt seg, og det var vel egentlig på tide. Eg mista interessen for dei etter 3. plata, men dei to første liker eg fortsatt godt. Så her er "Take The Veil Cerpin Taxt" som er avsluttningssporet på den første plata. 

30. januar 2013

Dagens låt 30.01.2013


Eg oppdage JR Ewing med denne kanonlåten og låten er fortsatt like tøff. Perfekt viss ein treng å få ut litt aggresjon og også om ein treng litt ekstra energi. 

29. januar 2013

Dagens låt 29.01.2013


Siden gårsdagens låt var "21st Century (Digital Boy)" må dagens låt bli "20th Century Boy" av T.Rex.

28. januar 2013

Dagens låt 28.01.2013


"21st Century (Digital Boy)" er ein catchy punklåt frå gamlingene i Bad Religion. Den kom i 1994 og dei var gamle allerede da, og dei heldt på enda. 


27. januar 2013

Dagens låt 27.01.2013


Acid Mothers Temple har aldri visst korleis ein skal begrense seg, og dagens låt er eit godt eksempel på dette. "Pink Lady Lemonade" er ein av låtane dei stadig vekk plukker fram igjen, og versjonen eg har vald varer i ein time. Sjølve låten er fantastisk og når dei i tillegg greier å holde orden på jammen blir det eit fantastisk resultat. 

26. januar 2013

Dagens låt 26.01.2013


Silver gav ut eit par bra plater for knappe ti år siden og dei har ikkje gitt lyd frå seg på lenge. "Angels Calling" er avsluttningslåten på "White Diary" og er ein herlig powerballade med eit fantastisk refreng.

 

25. januar 2013

Dagens låt 25.01.2013


The Hellacopters var ein av pådrivarene for rock 'n roll i scandinavia for 10-15 år sidan. Dei har gitt ut fleire bra plater, men for meg er det deira andre plate "Payin' the Dues'" som er den beste. Åpningssporet på den plata "You Are Nothin'" er fantastisk rock 'n roll som får ein til å lyst til å sprette ein ny øl. 

24. januar 2013

Dagens låt 24.01.2013



The Replacements sin tribute til Alex Chilton er ein fantastisk låt som kunne gått rett inn på ein av Big Star sine plater, og ein kan ikkje gi ein låt eit høgare kompliment enn det. 


23. januar 2013

Dagens låt 23.01.2013


"Eton Rifles" er min The Jam-favoritt og låten funker fortsatt som ei kule over 30 år etter at den kom ut. 

22. januar 2013

Dagens låt 22.01.2013


Elliott Smith skreiv mange vakre melodier og "Angeles" er ein av dei vakraste. Ein nydelig låt med fantastisk gitarspel som treff meg rett i hjarta. 

21. januar 2013

Dagens låt 21.01.2013


The Monkees blei satt saman i forbindelse med ein tv-serie, men det hindra dei ikkje i å skrive nokre fantastiske låter. Den mest kjende og beste av desse er "Daydream Believer" og det er ein fantastisk oppløftande låt.

20. januar 2013

Dagens låt 20.01.2013


"The Golden Core" er ein av mine absolutte favorittlåter og eit fantastisk eksempel på kva Motorpsycho kan. Ein nydelig åpning og så ein avsluttning som bygger seg opp og opp og opp. Intenst og vakkert.



19. januar 2013

Dagens låt 19.01.2013


"Jenny Wren" kom ut i 2005 på plata "Chaos and Creation in the Backyard" og låta viser at McCartney ikkje har mista sine melodisk evner. Nydelig forsiktig låt. 

18. januar 2013

Dagens låt 18.01.2013


"Maybe I'm Amazed" er ein av dei beste sololåtane til Paul McCartney, og den står ikkje mykje tilbake for høgdepunkta frå Beatles-tida. 

17. januar 2013

Dagens låt 17.01.2013


"Théme de Yoyo" er opprinneleg musikk til den franske filmen "Les Stances a Sophie". Det er ein fantastisk funk/jazz-låt der nyleg avdøde Fontella Bass gjer ein stor vokalprestasjon. Motorpsycho har covra låten i lag med blåserene frå Jaga Jazzist på plata "In the Fishtank" og sjølv om den ikkje er like bra er den verdt ein lytt. 




16. januar 2013

Dagens låt 16.01.2013


"You Are My Sister" er etter min meining den finaste låten på "I am a Bird Now". Ein rørande vakker låt og Boy George syng fantastisk på refrenget. 



15. januar 2013

Dagens låt 15.01.2013


"Seven and Seven is" er Love på sitt mest punka og rocka. Ein fantastisk låt som naturligvis er blitt ein klassiker. 


14. januar 2013

Dagens låt 14.01.2013


Michael Rother spelte gitar i NEU! og etter at NEU! gav seg fortsatte han å gi ut plater aleine og i lag med andre. "Fontana di Luna" frå "Sterntaler" er eit godt eksempel på kva Rother aleine driv på med.

13. januar 2013

Dagens låt 13.01.2013


"Hallogallo" er første låt på den første plata til NEU! og den er erkeeksempelet på kva NEU! handler om. Monoton rytme som driv låta framover i eit perfekt tempo. Det er ikkje rart at mange artister har blitt inspirert av NEU!

12. januar 2013

Dagens låt 12.01.2013


"Staten & kapitalet" er ein cover av det svenske 70-tals progband Blå Taget og Ebba Grön sin versjon overgår originalen til de grader. 


11. januar 2013

Dagens låt 11.01.2013


"Gimme Shelter" er Rolling Stones på sitt aller beste og mest uhyggelige. Ein kjenner uhyggen og mørket frå første sekund, og den blir ikkje mindre etter som låten skrider fram. 

10. januar 2013

Dagens låt 10.01.2013


Ulver har vært eit av norges mest eksperimentell og utfordrende band i snart 20 år, og det er eit band som ikkje står stille. "Shadows of the Sun" er eit av deira rolege album og åpningssporet på den plata "Eos" er eit nyedeleg stykke musikk. 

9. januar 2013

Dagens låt 09.01.2013


U.S. Christmas er eit psykedelisk rockeband som tydeleg har høyrd på både Hawkwind og Kyuss. "Run Thick in the Night" kom i 2010 og " " er eit av høgdepunkta på den plata og eit utmerka eksempel på musikken til U.S. Christmas. 

8. januar 2013

Dagens låt 08.01.2013


Mike Cooley speler andrefiolin til Patterson Hood i Drive-by Truckers, men hans låter er ofte høgdepunkta på platene deira og åpningslåten på "The Dirty South" er ikkje noko unntak. "Where The Devil Don't Stay" er ein tøff rocker som er perfekt som åpningslåt og eit godt eksempel på Mike Cooley sin låtskriving. 

7. januar 2013

Dagens låt 07.01.2013


Det er på tide å starte ei ny veke og då passer det bra med ein låt der hovudpersonen desperat prøver å være hippere enn alle andre.

6. januar 2013

Dagens låt 06.01.2013


"Gloomy Sunday" er opprinneleg ein ungarsk sang frå 30-tallet som blei  oversatt til engelsk i 1936. Den mest kjende versjonen er det nok Billie Holiday som har, men den er blitt spelt inn av ein haug med artister i løpet av åra. Svenske Anna Von Hausswolff har og spelt inn ein flott versjon, og naturlig nok har den og blitt spelt inn av Doom-bandet Pallbearer. Flott låt i alle dei ulike versjonane. 







5. januar 2013

Dagens låt 05.01.2013

Eg har mista litt interessen for Iron & Wine i det siste, men "The Trapeze Swinger" er fortsatt ein fantastisk låt. 

4. januar 2013

Dagens låt 04.01.2013


Eg oppdaga "Amawalk" etter  at Brian Eno sa i MOJO at det var fjorårets beste låt. Eg er usikker på om eg vil strekke det så langt, men det er ein bra låt som fjortjener litt ekstra oppmerksomhet. 

3. januar 2013

Dagens låt 03.01.2013



A Pregnant Light er eit amerikansk svartmetallband som har gitt ut ein del kassetter. Heldigvis er nokre av dei også tilgjengelige digitalt og "Live to Tell" er den eg har høyrd mest på til no. Fantastisk EP som avsluttes med ein Madonna-cover. Originalen kan høyrast under.

2. januar 2013

Dagens låt 02.01.2013


Death Cab for Cutie er eit band eg høyrde mykje på i ein periode. Dessverre er den plata eg liker best ikkje tilgjengelig på spotify så det blir ein youtube-video i staden. "The New Year" er åpningssporet på "Transatlanticism" og det er ein fantastisk start på den plata. Resten av plata er ikkje mykje dårlegare. 

1. januar 2013

Dagens låt 01.01.2013


U2 er ikkje eit band eg er spesielt begeistra for, men "New Years Day" er ein låt eg har sansen for, og då passer det godt å ha den som dagens låt i dag.