30. april 2012

Dagens låt 30.04.2012


Denne veka blir det eit tema for dagens låter. Så det blir kun Motorpsycho b-sider dei neste 7 dagane. Motorpsycho har dessverre slutta å gje ut EPer med masse bonusspor, men det er mykje bra musikk å hente frå dei som kom på 90-tallet. 

Den første B-sida eg vil trekke fram er "She Used to Be a Twin" frå "Another Ugly EP" som kom i 1993. Det er ein lang seig låt som er eit av dei skjulte høgdepunkta frå karrieren deira. 




Good Intentions Paving Company

Joanna Newsom  er ein av mine store favoritter og her er eit av mange høgdepunkt frå hennar siste plate "Have One on Me". "Good Intentions Paving Company" er uptempo, funky og får i alle fall meg i godt humør. I tillegg får ein ein lang og bra trombonesolo. Kven liker ikkje det. 
Forhåpentligvis kjem ho med ny plate om ikkje alt for lenge, men i mellomtida kan ein bruke tida på dei tre platene ho har gitt ut til no. Mykje å sette tennene i, og alle platene har låter som er fantastiske. 

29. april 2012

Dagens låt 29.04.2012




På ein slik dag som i dag med skyfri himmel og vårlig stemning passer det perfekt med ein av dei beste og gladaste låtane som er skrevet. Eg snakker sjølvsagt om "Move on Up" av Curtis Mayfield. Ein blir garantert i godt humør etter å høyrd den. Så spel den høgt, nyt sola og viss den blir for kort så spel den lange versjonen også. 


28. april 2012

Dagens låt 28.04.2012




"Tin Soldier" er min favorittlåt av The Small Faces og ein vassekte 60-tallsklassiker. Soulrock på sitt aller beste. 

27. april 2012

Dagens låt 27.04.2012


Richard Youngs er ein artist eg har høyrd mykje på dei siste åra. Han har gitt ut ein drøss med plater som varierer frå støy til a cappella. Dagens låt er frå "Sapphie" som består av tre lange låter med kun akustisk gitar og vokal. "It Soon Will Be Free" er første låt på plata og ein av dei vakraste låtane eg veit om. Viss ein likar denne låten bør ein sjekke ut resten av plata, og også platene "Making Paper" og "Autumn Response". Deretter kan ein forsøke seg på dei meir eksperimentelle platene hans. 


26. april 2012

Dagens låt 26.04.2012


Dagens låt er god gammeldags amerikansk 80-talls hardcore. MDC sin "I Remember" er catchy og tøff og selvfølgelig unnagjort på 2 minutter. 


25. april 2012

Dagens låt 25.04.2012


Spoon var eit av forrige tiårs beste indieband, og denne låten viser kvifor. Mekanisk funky rytme, deilig beatlesaktige melodier og nok rare ting som skjer i lydbildet til å gjere det enda meir interessant. "Don't Make Me a Target" er åpningslåten på "Ga Ga Ga Ga Ga" og er ein herlig introduksjon til Spoon. Liker spesielt godt gitaren som høyres ut som den heldt på å ta kvelden under gitarsoloen. 



24. april 2012

Dagens låt(er) 24.04.2012


Dagens låt er Wye Oak sin cover av Danzig "Mother". Ein aldeles fantastisk cover som blei spelt inn i forbindelse med AV Club sin Undercover serie i fjor. Den blei og gitt ut som ein 7"-tommer samen med Kinks coveren "Strangers" som dei gjorde for Undercover i 2010. Den er like bra.





23. april 2012

Dagens låt 23.04.2012




Dagens låt er "Spring and by Summer Fall" av Blonde Redhead. Tøff melodiøs låt frå plata "23" som kom i 2007. Har ikkje høyrd på plata på lenge, men når denne låten dukker opp i spelelister så er det alltid eit hyggelig gjennhør. 



22. april 2012

Slækk søndag


Søndag er ein dag for god lang frukost med masse kaffi. Då treng ein og eit fint soundtrack som starter rolig og fint, men ender opp med litt meir trøkk slik at ein får opp energinivået nok til å kome seg ut på ein fin søndagstur som ender opp på kaffebar. Eg håper spelelista fell i smak og skaper ein god søndagsstemmning i heimen. 

Spelelista er og tilgjengelig i WiMP

Dagens låt 22.04.2012



Søndager egner seg best til rolig musikk med masse sjel. Dagens låt blir derfor "Shine on You" av The Duke & The King. Det er ein fantastisk soulballade med masse sjel og glede. For meg er dette bandet definisjonen av "Cosmic American Music", Soul, Folk, Country og Rock i skjønn forening. 
Det ser dessverre ut til at bandet har tatt ein pause på ubestemt tid, men det bør ikkje hindra ein i å høyre på dei to platene dei har gitt ut. Både "Nothing Gold Can Stay" og "Long Live The Duke & The King" er fantastiske, men favoritten er "Long Live..." .
Eg er dessuten veldig glad for at eg fekk sett dei live på BergenFest i fjor. Ein fantastisk konsert som rørte langt inn i hjerterota. Og eg har ein sterk følelse av at eg ikkje var den einaste som følte det den kvelden. 


Låten kan høyrast på last.fm og via WiMP. Den er dessverre ikkje på Spotify.







21. april 2012

Dagens låt(er) 21.04.2012



I dag er det Record Store Day, og den utgivelsen eg har gleda meg mest til er splitsingelen med Feist og Mastodon, og eg fekk heldigvis tak i den. Navnet på singelen blei sjølvsagt Feistodon. På den coverer Mastodon "A Commotion" og Feist covrer "Black Tongue". Så her er covrane følgd av originalane. 


Feist - Black Tongue






Mastodon - A Commotion






Originalane




Record Store Day





Då har eg hatt første runde i butikk under årets Record Store Day. Fant ein del ting eg hadde lyst på, men dessverre var ikkje The Flaming Lips - "Heady Fwends" kome. Så årets handel blei:


Feist/Mastodon - Feistodon
The Flaming Lips/Mastodon - A Spoonful Weighs a Ton
Otis Redding/Aretha Franklin - Respect
King Creosote & Jon Hopkin - Third Swan
Smugglers Way Flexine 
Billy Bragg & Wilco - The Complete Mermaid Avenue

20. april 2012

Dagens låt 20.04.2012

Photo by Malin Nilsson i My Photos av
Photo by Malin Nilsson


Eg har bestemt meg for å prøve å poste ein dagens låt kvar dag. Håper eg greier det, men det er langt fra sikkert.
Uansett er den første låten ut "How Can I Know" av The Terrifieds. Bandet er Kristopher Schaus powerpop-prosjekt og plata "Binky" er ein hyggelig halvtime med god powerpop. Viss ein liker denne låten anbefales resten av plata også. 





19. april 2012

R.I.P

First!

Velkommen til min første blogg. Begynner enkelt og greit med å poste låten som inspirerte tittelen til bloggen. Første låt på andreplata til Serena-Maneesh og den klart beste låten på plata.