31. oktober 2012

Dagens låt 31.10.2012


"No One Knows" er ein utrulig tøff låt der spesielt mellomspelet er fantastisk der ting ikkje heng saman, men likevel heng saman. 

30. oktober 2012

Dagens låt 30.10.2012


"Handshake Drugs" er ein av mine Wilco-favoritter med Paul McCartney-bass og støyande gitarar i tillegg til ein flott melodi.
 

29. oktober 2012

Dagens låt 29.10.2012


Eg falt fullstendig for "Heartbeat" då eg høyrde den for fyrste gong, og låten er fortsatt like bra. 

28. oktober 2012

Dagens låt 28.10.2012


Neil Young & Crazy Horse har kome med nok eit album i år og då er det på tide med nok ein Neil Young-låt som dagens. "Cortez the Killer" er Neil Young på sitt aller aller beste og det er ein låt som eg aldri blir lei av.

27. oktober 2012

Dagens låt 27.10.2012


"There isn't much there if I'd need
A solid soul and the blood I bleed
With a little girl and by my spouse
I only want a proper house...

I don't mean to seem like I care about material things
Like our social stats
I just want four walls and adobe slats for my girls"


26. oktober 2012

Dagens låt 26.10.2012


"Futuro" er den foreløpig siste plata til The Low Frequency in Stereo og det er ei flott plate. "Solar System" er siste låt på plata og ein flott lang psykedelisk låt. Passer fint som avsluttning på ei lang arbeidsveke. 

25. oktober 2012

Dagens låt 25.10.2012


"I'm in Love with a Girl" er Alex Chilton på sitt mest sårbare og vakraste. Låten avslutter "Radio City" som etter min meining er den beste plata til Big Star. 


24. oktober 2012

Dagens låt 24.10.2012


Mark McGuire har gitt ut eit ukjend antall album i ulike format og då er "A Young Persons Guide" eit godt startpunkt. Plata samler høgdepunkt frå ulike utgivelser og det er mykje flott på denne plata. "The Marfa Lights" er ein låt der han looper seg sjølv og skaper eit flott stykke musikk. 


23. oktober 2012

Dagens låt 23.10.2012


"Straight to Hell" er det store høgdepunktet på "Combat Rock", og eit av The Clash sine store høgdepunkt i det heile tatt. Den er kanskje mest kjend no som låten M.I.A. sample på "Paper Planes", men originalen er best. 

22. oktober 2012

Dagens låt 22.10.2012


"Dreaming of You" er ein fantastisk poplåt med smittsom lykkelig energi. Perfekt start på veka. 

21. oktober 2012

Dagens låt 21.10.2012


"Turn Turn Turn" blei skrevet av Pete Seeger i 1959, med ein tekst frå bibelen. Låten blei egentlig først kjend då The Byrds covra den i 1965, og den har gått inn i musikkhistorien. Min personlige favorittversjon av låta er det Papa M som står for då dei speler ein instrumentalversjon av låta i drøye 16 minutt. 



Drømmer og Droner

Fekk ein ide til ny speleliste då eg hadde høyrd mykje på Grouper ein dag, og resultatet er her. Det endte opp som ein blanding av pop som nesten ikkje er tilstede og snille og vakre droner. Fin speleliste viss ein vil drømme seg vekk. 


20. oktober 2012

Dagens låt 20.10.2012


"Rock for Light" er ein av Bad Brains sine mest catchy låter og passer perfekt viss ein vil få opp energinivået. 

19. oktober 2012

Dagens låt 19.10.2012


Det er kanskje på tide med ein kvit fredag og då passer det bra med Minor Threat sin hardcoreklassiker "Straight Edge". Andre verset i låten forklarer vel egentlig straight edge-holdningen godt som noko anna: 
I'm a person just like you
But I've got better things to do
Than sit around and smoke dope
'Cause I know I can cope
Laugh at the thought of eating ludes
Laugh at the thought of sniffing glue
Always gonna keep in touch
Never want to use a crutch
I'VE GOT STRAIGHT EDGE

18. oktober 2012

Dagens låt 18.10.2012


"Skunk (Sonicly Speaking)" er siste låt på den siste plata til MC5, og det er ein passande avsluttning på platekarrieren. Jazza blåsere over groovy og sjelfull rock. 

17. oktober 2012

Dagens låt 17.10.2012


"State Trooper" er Springsteen på sitt mest nedstrippa og Suicideske. Masse ekko på vokalen og enkel og repeterende backing. Og han drar til og med nokre Alan Vega-inspirerte rop mot slutten. Fantastisk låt. Og som bonus legg eg ved eit opptak der Springsteen coverer Suicides "Dream Baby Dream"


16. oktober 2012

Dagens låt 16.10.2012


"Vision Creation Newsun" er Boredoms sitt psykedeliske mesterverk. "(star)" er låt nummer to og er den låten som har mest framdrift og som minner mest om Hawkwind. Plata bør helst nytast som ein heilheit, men "(star)" fungerer også på eigenhånd. 

15. oktober 2012

Dagens låt 15.10.2012



"City Girl" er den einaste skikkelige låten Kevin Shields skreiv til Lost in Translation soundtracket, og det er ein deilig flytande låt slik som ein forventer av Kevin Shields. 

14. oktober 2012

Dagens låt 14.10.2012


"Reach Out, I'll Be There" er ein soulklassiker god som nokon, og ein perfekt låt for ein litt aktiv søndag. 

13. oktober 2012

Dagens låt 13.10.2012


"Amsterdam" av Jacques Brel er pompøs, voldsom og aldeles fantastisk. Viss ein vil ha ein sang med FØLELSER er dette eit veldig godt valg. 

12. oktober 2012

Dagens låt 12.10.2012


"King Harvest (Has Surely Come)" er avsluttningssporet på "The Band" og ein fantastisk låt med ein herlig gitarsolo. 

11. oktober 2012

Dagens låt 11.10.2012


"Forever Changes" er eit av 60-talets beste album, og "A House is Not a Motel" er eit av mange høgdepunkt på den plata. 

Eg var så heldig at eg fekk sett Arthur Lee live før han døde og han leverte ein fantastisk konsert der ein tydeleg kunne sjå korleis musikken gav liv til kroppen hans. 

10. oktober 2012

Dagens låt 10.10.2012



The Aller Værste! var eit fantastisk band, og "Materialtretthet" er fortsatt ei fantastisk plate. "Discodrøv" er eit av høgdepunkta på plata, og viser kor bra dei var. 


9. oktober 2012

Dagens låt 09.10.2012


"Eight Miles High" er ein av dei store rockeklassikerene, og eit fantastisk eksempel på psykedelisk rock. The Byrds sin original er selvfølgeglig best, men Hüsker Dü sin cover er og fantastisk. 

8. oktober 2012

7. oktober 2012

Dagens låt 07.10.2012


"Night Falls on Hoboken" er avsluttningssporet på "And Then Nothing Turned Itself Inside Out" som Yo La Tengo gav ut i 2000. Låten er ein 17 minutt lang episk bedagelig flytur. Fantastisk låt på ein roleg søndag. 

6. oktober 2012

Dagens låt 06.10.2012


"Wichita Lineman" er ein nydeleg Jimmy Webb-låt som blei først og kanskje best gjort av Glen Campbell i 1968. 

5. oktober 2012

Dagens låt 05.10.2012


I Was a King har nettopp kome med ei ny bra plate, så då passer det bra med ein av dei beste tidlege låtane. "Make It Clear" kom først på "Remove the Crown" som kun var tilgjengelig på nettet før den kom på "Losing Something Good for Something Better". Fantastisk låt med herlige støyande gitarer i refrenget. 

4. oktober 2012

Dagens låt 04.10.2012


"The Mercy Seat" er Nick Cave på sitt mest intense og rocka. Johnny Cash sin versjon er også bra, men den når likevel ikkje heilt opp til Nick Cave sin original. Sangen er sjølvsagt gammeltestamentelig og foregår i hovudet på ein som blir henretta i ein elektrisk stol. 

3. oktober 2012

Dagens låt 03.10.2012


"En vän med en bil" er ein fantastisk poplåt som tematisk nesten kunne gått rett inn på Springsteen sine første plater. 

2. oktober 2012

Dagens låt 02.10.2012


"With a Feather" er ein av St. Thomas sine mest catchy og fine låter. Den kom aldri med på platene hans, men den er å finne på "Cornerman EP"en. 

1. oktober 2012

Dagens låt 01.10.2012


"Dragging a Dead Deer Up a Hill" er ei nydelig plate med låter som svømmer opp til overflaten for så å forsvinne igjen. Plata får ein til å føle seg som om ein er halveis i drømme og halveis våken.