31. mai 2012

Dagens låt 31.05.2012

"Cowgirl in the Sand" er ein av dei største Neil Young-klassikerene, og versjonen frå Fillmore East i 1970 er fantastisk. 16 minutter med fantastisk rockemusikk og med nokre fantastiske Neil Young-soli. Det blir ikkje mykje betre enn dette. 

30. mai 2012

Dagens låt 30.05.2012

På fredag kjem det ei ny plate med Neil Young & Crazy Horse, så det er på tide med ein liten oppladning. "Scenery" er eit av høgdepunkta på Mirror Ball som Neil Young gav ut med Pearl Jam i 1995. Ein lang seig låt som er ein av Neil Youngs mindre kjende låter. 

29. mai 2012

Dagens låt 29.05.2012


Det er i dag 15 år siden Jeff Buckley døde, så då passer det bra med ein av hans låter som dagens låt. "Dream Brother" er den siste låten på "Grace" og er eit av mange høgdepunkt på den plata.  


28. mai 2012

Dagens låt 28.05.2012


Med det nydelig sumarvær må ein fortsette med psykedelisk solskinnspop og i dag er det Os Mutantes sin tur. "A Minha Menina" er eit av mange høgdepunkt på den første plata deira. Spinnvill brasiliansk pop som må sjekkes ut. 

27. mai 2012

Dagens låt 27.05.2012


På tide med litt solskinnspsykedelia frå 60-tallet, og "Hurdy Gurdy Man" passer perfekt. Passer fint på ein dag som dette. 

Soft as Snow

Her er ei speleliste med masse bra skotitting. Håper den fell i smak på ein rolig søndag i finvær. 




26. mai 2012

Dagens låt 26.05.2012


"I Walk on Guilded Splinters" er frå fantastiske "Gris-Gris" av Dr. John. Mystisk og funky. Anbefales for varme og svette kvelder. 

25. mai 2012

Dagens låt 25.05.2012


Sidan eg no er tatt ut i streik må dagens låt være politisk, og siden Patti Smith kjem til Bergen om ein liten månad passer "People Have the Power" godt. 

24. mai 2012

Dagens låt 24.05.2012



Med så fint vær som no må ein ha litt solskinnspop som får ein til å sjå lyst på livet. "I am the Ressurection" er ein fantastisk slik låt så den må sjølvsagt være dagens låt. 


23. mai 2012

Dagens låt 23.05.2012


Dagens låt er førstesporet "No Words/No Thoughts" frå comeback-plata til Swans. Støyande, dystert og fryktelig bra. 

22. mai 2012

Dagens låt 22.05.2012


Dagens låt er ein ufattelig kul cover av "Whole Lotta Love" av Cato Salsa Experience, The Thing og Joe McPhee. Trøkk av ein annan verden. Dumt at det kun blei med to eper og ei plate i det samarbeidet, men alle utgivelsane er verdt å sjekke ut. 

21. mai 2012

Dagens låt 21.05.2012

"Dogwood Rust" er første låt på den (foreløpig) siste plata til Comets on Fire. "Avatar" er den mest tilgjengelige Comets-plata, men det er fortsatt hårete og bråkete psykedelia. Så viss dette ikkje er bråkete nok, bør ein prøve dei forrige platene som er meir bråkete og enda meir psykedelisk. 


20. mai 2012

Dagens låt 20.05.2012


"Norman Bleik" er ein hyllest til Norman Blake frå Teenage Fanclub som dei faktisk no har jobba saman med på ein ny plata som nett er spelt inn. "Norman Bleik" er uansett ein fantastisk psykedelisk poplåt. 

19. mai 2012

Dagens låt 19.05.2012

Dagens låt er første låt på Six Organs of Admittance sin Dark Noontide. Fantastisk plate som ligger nederst. "Spirits Abandoned" er ein dronete og vakker start på plata. 


18. mai 2012

Dagens låt 18.05.2012


Dagens låt er ein deilig slapp låt frå Dead Meadow. Har ikkje høyrd så mykje anna av dei, men denne låten er bra. 

16. mai 2012

Six Organs of Admittance - Waswasa

Ny Six Organs of Admittance-plate kjem i august og første smakebit er no på nett. Plata er med fullt band og blir nok annerledes enn dei forrige platene. Waswasa tyder i alle fall på det. Og når Ben Chasny har fått med seg gamle bandkamerater frå Comets on Fire blir det sjølvsagt bra. 

Dagens låt 16.05.2012


Dagens låt er ein lang fin instrumental av Allman Brothers Band. Eg blei først kjend med "In Memory of Elizabeth Reed" då Motorpsycho covra den i 1999. Versjonen i dag er frå Live at Fillmore East og ein får lange fantastiske gitarsoloer. 

15. mai 2012

Dagens låt 15.05.2012

Dagens låt er min favoritt frå det beste doom-albumet som kom i fjor. 40 Watt Sun lager melankolsk og melodisk doom og "Carry Me Home" er eit nydelig eksempel på det. Og den gjer seg like godt akustisk som med massiv fuzz. 


14. mai 2012

Dagens låt 14.05.2012

Dagens låt er originalversjonen av "Madman Across the Water" av Elton John. Den er tilgjengelig på nyutgivelsen av "Tumbleweed Connection" og med Mick Ronson på gitar får ein sjølvsagt ein fantastisk solo. 

13. mai 2012

RIP Donald "Duck" Dunn



Dagens låt 13.05.2012

"One Sunday Morning (Song for Jane Smiley's Boyfriend)" er ein nydelig 12 minutter lang låt som rusler avgårde i perfekt tempo. Eit av to store høgdepunkt på den siste plata til Wilco. Det andre høgdepunktet er sjølvsagt "The Art of Almost". Uansett bør denne låten nytes med auga lukka. 

12. mai 2012

Dagens låt 12.05.2012

Dagens låt er ein av årets foreløpig aller beste låter. "Wasted Days" er det største høgdepunktet på "Attack on Memory", og ein deilig lang punklåt med ein fantastisk jam dei siste 5 minutta. 

11. mai 2012

Dagens låt 11.05.2012


Dagens låt er ein 44 minutt lang jam frå Bardo Pond. "Circuit VIII" kom opprinnelig ut som ein del av Oscillation III -serien til Three Lobed Recordings i 2008. Dette er nok min favoritt låt av Bardo Pond og den anbefales på det sterkaste. Herlig dronete psyekedelia.  

10. mai 2012

Dagens låt 10.05.2012

Dagens låt er "Overnight" av The Goslings. Musikken kan best beskrives som tung tung dronete psykedelisk lo-fi skotitting. Dessverre er ikkje musikken lett tilgjengelig, men ein kan finne litt viss ein veit kor ein skal leite. 

9. mai 2012

Dagens låt 09.05.2012

Dagens låt er "Seven Angels" som er første låt på droneklassikeren "Earth 2". Black Sabbath spelt ekstremt sakte og uten rytmeseksjon. 

8. mai 2012

In Your Light

Nydelig akustisk låt frå Mike Scheidt mest kjend frå det fantastiske doombandet YOB. "In Your Light" er ein smakebit frå albumet "Stay Awake" som kjem i byrjinga av juni. Gleder meg til å høyre det. Første låt lover i alle fall bra.

Dagens låt 08.05.2012

Dagens droning står Sunn O))) for. "My Wall" er åpningssporet på "White 1" og der har dei fått med seg Julian Cope på vokal. Ein deilig lang låt som bør høyrast viss ein liker droning og doom. Sunn O))) er dessverre ikkje tilgjengelig på Spotify, men WiMP har heldigvis dei tilgjengelig. 

Teksten er skrevet av Julian Cope og han greier å beskrive musikken og medlemmane i bandet godt. 


"Play your gloom axe Stephen O’Malley
Sub bass ringing the sides of the valley
Sub bass climbing up each last ditch and combe
Greg Anderson purvey a sonic doom."



7. mai 2012

Bon Iver



Calgary og Perth er to av dei beste låtane på "Bon Iver, Bon Iver". Her er ein flotte versjonar frå Later with Jools Holland i fjor høst. 

Dagens låt 07.05.2012

Denne veka blir det ein del droning i dagens låt. Eg byrjer med Horseback som kjem med ny plate i morgen. Dagens låt er siste sporet på The Invisible Mountain og er ein 16 minutter lang dronelåt. "Hatecloud Dissolving Into Nothing" er ein perfekt avsluttning på plata.



6. mai 2012

Dagens låt 06.05.2012





I dag er det siste dag med Motorpsycho B-sider som tema og Eg avslutter med ein av deira beste låter. Den kom opprinnelig ut på "The Nerve Tattoo" EPen, og så er den også å finne i ein akustisk versjon på "Stickin' It to You"-sampleren til Stickman Records. Begge versjonane er fantastiske, men eg heldt nok ein liten knapp på "The Nerve Tattoo"-versjonen. I alle fall i dag. Uansett er "Mad Sun" ein av mine Motorpsycho-favoritter. 









Og her er ei speleliste med alle b-sidene denne veka.

5. mai 2012

Dagens låt 05.05.2012



Dagens låt er ein delig rockelåt i 4 minutt før det blir 4 minutter med gitarsolo. Kjekk låt i plateversjon og enda kjekkere live. Har sjølv høyrd 20 minuttersversjoner av denne med masse jamming. Denne er på samme EP som "Wishing Well" og den er vel verdt pengane. 

4. mai 2012

My Bloody Valentine


I dag kom nyutgivelsane av "Isn't Anything" og "Loveless" ut. I tillegg kom det ein EP-samling som inneheld mykje moro. Den begynner fantastisk med "You Made Me Realise" og nivået synk ikkje nevneverdig etter det. Dessverre er det kun på cd foreløpig, men forhåpentligvis er ikkje vinylen så langt unna. Heldigvis er dei og tilgjengelig gjennom streaming så ein kan nyte dei allerede no. 




Dagens låt 04.05.2012


"Back to Source" er egentlig ikkje ei B-side då den først blei utgitt på vinylversjonen av "Angels and Deamons at Play", men den er ei B-side på "Ozone"- EPen så då får det gå. Sangen er bråkete, enkel og vel verdt ein lytt ein gang i blandt.

3. mai 2012

Dagens låt 03.05.2012





Dagens B-side blei spelt inn i 1994, men kom ikkje ut før på denne EPen i 1998. Ein annan låt frå samme innspeling kjem som dagens låt på søndag. 

2. mai 2012

Dagens låt 02.05.2012


Dagens Motorpsycho B-side er "Wishing Well" frå Starmelt EPen. Dette er også ein skjult Motorpsycho-skatt. Akustisk låt med lårklasking som trommer. Den er også blitt spelt live ein del og det finnes ein versjon på Roadwork vol. 4, men her er originalen. 

1. mai 2012

Neil Young & Crazy Horse


Første smakebit frå den nye plata med Neil Young & Crazy Horse. Er i grunn typisk Crazy Horse sjølv om det er ein gamal tradisjonal låt. Gleder meg til resten av plata. 

Dagens låt 01.05.2012





Dagens Motorpsycho B-side er den korte, lystige og akustiske "The Skies Are Full of... Wine?" frå "Ozone" EPen som kom i forbindelse med "Trust Us". Dette er ein låt dei har spelt live ein god del ganger og då også gjerne i elektrisk versjon.