31. mars 2013

Dagens låt 31.03.2013


"This Notes for You"-perioden til Neil Young er ein interessant periode der han turnerte med full blåserekke. Dessverre gav han ikkje ut dei to beste låtane frå den perioden. "Ordinary People" som er ein av dei låtane kom ut på "Chrome Dreams II", men det var først 20 år etter den blei skrevet. Og "Bad News" har aldri blitt gitt ut offisielt. Heldigvis finnes det liveopptak av desse to låtane.


30. mars 2013

Dagens låt 30.03.2013


Siden det tross alt er påske så passer det bra å ha "Easter" av Patti Smith som dagens låt. 

29. mars 2013

Dagens låt 29.03.2013


I dag er det langfredag og då passer det bra at dagens låt er "Good Friday" av The Black Crowes.

28. mars 2013

Dagens låt 28.03.2013


"Popplagið" er siste låt på "()" og det er ein av mine største Sigur Rós-favoritter. Den begynner rolig før intensiteten og lydnivået stig og stig. Eg har valgt å bruke liveversjonen frå "Inni" då dette er ein låt som fungerer fantastisk live.

27. mars 2013

Dagens låt 27.03.2013


"Accelerator" viser ei anna side av Primal Scream. Det er låt to på "Xterminator" som er skitten tøff og veldig bra. Her har dei fått hjelp av Kevin Shields som speler gitar og tar seg av miksinga. Gitaren er så støyande at den går over i feedback med ein einaste gang. 




"MBV Arkestra (If They Move Kill 'Em)" er ein remix av Kevin Shields av "If The Move Kill 'Em" frå den forrige Primal Scream plata "Vanishing Point". Støyande, mørk og veldig veldig bra.




26. mars 2013

Dagens låt 26.03.2013


Primal Scream er eit band med mange ansikt. Alt frå støyande tecnomonster til Rolling Stones-kopier. Ein av dei minst kjente ansikta er når dei henter fram blåsare og er på sitt mest soul-aktige. Dei er fortsatt ganske påvirka av Stones i den modusen, men så lenge låtane er bra fungerer det som berre det. 

"I'm Losing More Then I'll Ever Have" er det første eksempelet på denne versjonen av Primal Scream og det er ein herlig låt. Det fekk låten remiksa til Screamadelica og den er knapt som ein kjenner igjen låten då den fekk tittelen "Loaded" og blei ein hit. 




25. mars 2013

Dagens låt 25.03.2013


"Just Like Honey" er den beste The Jesus & Mary Chain-låta og den dukker opp på fantastisk vis i Lost in Translation. Den begynner med trommeintroen til "Be My Baby" spelt av Bobby Gillespie som seinare starta Primal Scream før den fantastiske fuzzgitaren dukker opp.  

24. mars 2013

Dagens låt 24.03.2013


"Cocteau Twins" kom ut av post-punken og dei viste på mange måter veien videre til Shoegaze som dukka opp 5 år seinare. "Ivo" er åpningssporet på min "Treasure" som er min Cocteau Twins-favoritt. Låten er kalt opp etter Ivo Watts-Russell som start plateselskapet deira 4AD. 

23. mars 2013

Dagens låt 23.03.2013


Howard Devoto gav seg i Buzzcocks etter ein EP og starta så Magazine. Magazine sin mest kjende låt er nok "Shot By Both Sides" som blei skrevet i samarbeid med Pete Shelley frå Buzzcocks. 

22. mars 2013

Dagens låt 22.03.2013


The Pop Group var ei av dei meir eksperimentelle post-punkband og "She's Beyond Good and Evil" er det opplagte valgte når det kjem til deira låter. 

21. mars 2013

Dagens låt 21.03.2013


Gang of Four er eit legendarisk britisk post-punkband og debuten "Entertainment" er ei fantastisk plate. "Damaged Goods" er ein av dei mest catchye låtane på den plata og ein kan føle energien i musikken.


20. mars 2013

Dagens låt 20.03.2013


"Day of the Lords" er Joy Division på sitt tyngste. Det er ein fantastisk låt med ein herlig syntetisk synth på refrenget. 16 Horsepower har gjort ein fantastisk cover av den låten som også må høyrast. 



19. mars 2013

Dagens låt 19.03.2013


"Jeg vil bli som Jesus" er ein fantastisk rockelåt av Kjøtt der dei ramser opp ein haug av kjente personer dei vil bli som. 

18. mars 2013

Dagens låt 18.03.2013


Då er det på tide med ein av rockens aller største klassikere. "Marquee Moon" er tittelsporet på Television si første plate og ein fantastisk låt med gitarsoloer som bygger seg opp inn i evigheten.



17. mars 2013

Dagens låt 17.03.2013


"Holes" er første låt på "Deserter's Songs" og det er ein nydeleg låt. 

16. mars 2013

Dagens låt 16.03.2013


"The Glourious Land" er min favoritt på "Let England Shake" som kanskje var 2011s beste album. Fantastisk melodi og detaljen med trompeten som dukker opp på dei merkeligste tidspunkt fungerer fantastisk

15. mars 2013

Dagens låt 15.03.2013


Eg kan like godt fortsette med gode indiepoplåter og då er "Portions for Foxes" av Rilo Kiley perfekt. 


14. mars 2013

Dagens låt 14.03.2013


"Caring is Creepy" er første låt på den første plata til The Shins. Det er ein fantastisk poplåt som er både oppløftande og trist på same tid. 

13. mars 2013

Dagens låt 13.03.2013


"Shine a Light" er Cosmic American Music slik som Rolling Stones såg det. Det er soul, gospel og rock i skjønn forening med ein fantastisk melodi i bunn. 


12. mars 2013

Dagens låt 12.03.2013


"Spitting Venom" er den lengste og beste låten på "We Were Dead Before the Ship Even Sank" som er det foreløpig siste albumet til Modest Mouse. 


11. mars 2013

Dagens låt 11.03.2013


Det blir ein støyande start på veka med Les Rallizes Denudes som er eit japansk band som eksisterte på 70-talet og laga støyande rock med masse lange gitarsoloer. "Night of the Assassins" er kroneksempelet på kva dei dreiv på med. 


10. mars 2013

Dagens låt 10.03.2013


"Flower, Sun, Rain" er ein cover av det japanske bandet PYG. Ein nydelig låt med ein fantastisk gitarsolo av Michio Kurihara.

9. mars 2013

Dagens låt 09.03.2013


Wooden Shjips er eit amerikansk band som blander Suicide, NEU! og Les Rallizes Dénudés. Det vil seie at det repeterende dronete rock med masse støyande sologitar. 


8. mars 2013

Dagens låt 08.03.2013


Siden det er 8. mars og kvinnedagen i dag er det naturlig at kvinner står for dagens låt. Sleater-Kinney består kun av kvinner og var kanskje det beste bandet uansett kjønn mellom 1995 og 2005. "Dig Me Out" er første låt og tittelsporet på den første Sleater-Kinney-plata Janet Weiss spelte trommer på og det er ein kanonlåt. 

7. mars 2013

Dagens låt 07.03.2013


Hawkwind er eit legendarisk psykedelisk rockeband og 70-talsplatene deira har mykje bra låter. "Lord of Light" er ein av dei. Bardo Pond har og gjort ein fantastisk versjon av den låta. 


6. mars 2013

Dagens låt 06.03.2013


"Wild Bird" er BigBangs beste låt. Den er catchy og elegant, og rett og slett veldig bra. 

5. mars 2013

Dagens låt 05.03.2013


"Nettenes prinsesse" er ein låt som kom på Undertakers Circus si plate "Ragnarock" i 1973. 25 år seinare kom samme låt ut som "Long Distance Man" på BigBang sin "Electric Psalmbook". Der hadde Øystein Greni satt ny tekst til låten som hans far hadde skrevet. Uansett er det ein bra låt, og den fungerer godt i begge versjoner.


4. mars 2013

Dagens låt 04.03.2013


Eg synest Kiss er eit tulleband uten særlig verdi, men "Detroit Rock City" er ein fantastisk låt. 

3. mars 2013

Dagens låt 03.03.2013


Eg har sansen for Lissie, og "When I'm Alone" er fantastisk radiovenlig powerpop. Versjonen ho gjorde med BigBang for VGlista-showet er faktisk betre enn plateversjonen. 



2. mars 2013

Dagens låt 02.03.2013


We har ikkje gitt ut noko på 5 år og det ser vel egentlig ut som dei har tatt seg ein pause på ubestemt tid. Det er drøyt 10 år siden dei gav ut "Dinosauric Futurobic" og "Carefree" frå den plata er ein tung rocka versjon av Mötörhead som passer perfekt til ein kald øl.

1. mars 2013

Dagens låt 01.03.2012


David Bowie er snart klar med ny plate og då passer det å finne fram ein av hans gamle klassikere.