23. juni 2013

Wilco covrer alle


På fredag spelte Wilco konsert der dei spelte låter etter ynskje frå folk via nettet og det endte opp med nesten kun coverlåter. NYCTaper var tilstede og tok opp konserten, og den er no tilgjengelig for nedlasting. Eg følte og trang til å lage ei speleliste med originalene og den ligg under her. Den einaste låten som mangler er "And Your Bird Can Sing" av The Beatles sidan dei dessverre ikkje er tilgjengelig på spotify enda.  


10. juni 2013

Deafheaven


Deafheaven er eit amerikansk svartmetallband som kombinere black metal, shoegazing og post-rock til fantastisk resultat. Dei debuterte for eit par år sidan med plata "Roads to Judah" og er no aktuelle med plate nummer 2 "Sunbather". Mellom plate 1 og 2 gav det ut ein splitsingel med Bosse-de-Nage der dei covra dei to første låtane frå Mogwai si "Come On Die Young"-plate. Dei gir ut platene sine på Deathwish inc, som er plateselskapet til Jacob Bannon frå Converge.

"Roads to Judah" er ein fantastisk debut der dei blander svartmetall og shoegaze på dei 4 lange låtane (den kortaste er 6 minutt). Deafheaven blander dei to sjangrane på ein heilt annan måte enn for eksempel Alcest som stort sett er mykje mindre aggressive. Deafheaven har og ein del screamo i uttrykket sitt noko som først og fremst kjem til uttrykk i vokalen som er aggressiv på ein annan måte enn det som er vanleg i svartmetallen. I tillegg greier dei og å ha dei storslåtte melodiane frå post-rocken som fører til at musikken har eit glimt av håp og lys.





"Sunbather" tar musikken deira eit steg vidare. Plata er samstundes meir intens og meir oppløftande. "Sunbather" har som "Roads to Judah" 4 lange spor, men den har og 3 kortare mellomspel. Desse varierer frå varsomt piano til rein støy som går over til akustisk gitarklimpring. Ein kan og tydlegare høyre påvirkningen frå band som Mogwai i partier der dei roer det ned med blastbeats. 
Alt dette har sjølvsagt ført til at black metal-puristane hater bandet på same måte som dei hater Liturgy. Produksjonen er ikkje nekro nok og både liksminke og all anna ekstra staffasje mangler. Dei som avskriv bandet på grunn av det går glipp av eit fantastisk band og to fantastiske plater. 



7. juni 2013

Arcade Fire


Stereogum publiserte nyleg si topp 10 liste med Arcade Fire, og sjølv om eg er einig med mange av valga mangler lista blant anna "Intervention" som er ein av mine favorittlåter, så då måtte eg lage mi eiga liste. Eg har valgt litt andre låter og hovudfokuset er på låter frå "Funeral" og "Neon Bible" då det er dei to platene eg har høyrd mest på. Min favorittlåt av Arcade Fire er sjølvsagt "Rebellion (Lies" som er ein av mine absolutte favorittlåter. Eg ynskjer ofta at det siste minuttet i den låta kan blir dratt ut i 3 eller 4. Fantastisk melodilinje som er skapt for å holdes gåande med stigande intensitet så lenge som mulig. Uansett her er lista mi: