10. desember 2013

2013: Ein oppsummering

Her er ein liten årsoppsummering av 2013. Musikkåret var for meg mest prega av Hiss Golden Messenger og plater som eg oppdaga som følge av HGM. Det inkluderer artister som Cian Nugent & The Cosmos, Steve Gunn og Chris Forsyth. Alle har gitt ut virkelig bra plater i år, og forhåpentligvis kjem det meir neste år.
Eg har laga ei liste for årets 10 beste plater, årets 5 beste EPer og i tillegg har eg eit par andre kategorier der eg skriv om plater og plateselskap som har utmerka seg i 2013.



Årets 10 beste plater:

1. Hiss Golden Messenger - Haw

Dette er den første Hiss Golden Messenger-plata eg høyrde og eg likte den veldig godt med ein gong. Etterkvart måtte eg høyre igjennom den kvar dag, og den og Hiss Golden Messenger har vært det eg har høyrd mest på i løpet av det siste året. Fantastisk plate og eit fantastisk band som traff meg rett i hjartet. 




2. Deafheaven - Sunbather

"Sunbather" er på mange måter den aller beste plata som kom i år. Storslått og emosjonell svartmetall som har slått ann langt utenfor metallscena. Plata består av 4 lange låter bundet saman av 3 kortare mellomspel og som heilheit fungerer det perfekt. Ei fantastisk plate som nok vil stå igjen som ein av dei beste og viktigaste metallplatene i dette tiåret.





3. Cian Nugent & The Cosmos - Born With the Caul

"Born With the Caul" er den første plata til Cian Nugent & The Cosmos. Nugent har tidlegare gitt ut nokre plater som soloartist der han opperer i John Fahey-land. Med The Cosmos opperere han i eit landskap ein plass mellom Television, Fairport Convention og Grateful Dead. Det er ei fantastisk plate og viss ein liker den må ein og kjøpe Hire Purchase-singelen frå Bandcamp.







4. MV & EE - Fuzzweed

"Fuzzweed" var MV & EE sitt første album for året og det er ei fantastisk plate der dei blander country/folk/rocken sin og deira meir psykedeliske ekskursjoner. Det begynner med ein kort psykedelis intro før det kjem 3 fantastiske låter. Dei avslutter med at side 2 er ein lang psykedelisk sak som er fantastisk bra. Det er kanskje ikkje den mest tilgjengelige plata deira, men den anbefalast varmt.





5. Windhand - Soma

Windhand er ein av dei nye oppdagingane mine frå 2013 og det er årets nest beste metallalbum. Ei stonerdoom-plate der alt er dekka av eit nydelig lag med fuzz. Emosjonelt og storslagent med gode riff og melodier, og coveret passer perfekt til plata.






6. Chris Forsyth - Solar Motel

"Solar Motel" er på mange måter i same landskap som "Born With the Caul", men den er meir psykedelisk og den er meir rock og mindre folk. Chris Forsyth har studert gitar med Richard Lloyd frå Television og det merkes. Dei har til og med covra "Little Johnny Jewel" live.





7. My Bloody Valentine - m b v

"m b v" dukka plutselig opp ein laurdagskveld i februar. Det hadde versert rykter om at det var ei ny plate på gang og dei hadde spelt i alle fall ein av låtane live, men det var likevel ein stor overraskelse at plata dukka opp. Og det verste av alt var at den levde opp til forventningane. Ei fantastisk plate som begynner ikkje ulikt der "Loveless" slutta for så å ta ein venstresving inn i nytt men naturlig landskap mot slutten av plata. Og "wonder 2" som er siste låten er den beste på plata.





8. Wooden Wand & The World War IV - Wooden Wand & The World War IV

Wooden Wand har gitt ut to plater i år. Først kom "Blood Oaths of the New Blues" i Januar, og så kom denne plata i oktober. Der "Blood Oaths" ikkje er ulike Briarwood er "World War IV" deprimert og elektrisk. Nærmaste samanligning er nok Neil Young sin ditch-trilogi ("Times Fade Away", "Tonight's the Night" og "On the Beach"), noko som kanskje ikkje er unaturlig med tanke på at James Jackson Toth (som er Wooden Wand) har tatovert WWNYD (What Would Neil Young Do) på handa si.




9. Steve Gunn - Time Off

"Time Off" er Steve Gunn sitt første album med fullt band og det er ein samling med låter som duver avgårde i behagelig tempo der ein kan nyte roen i musikken, og føle korleis den roen sprer seg i kroppen. I tillegg kan ein nyte det fantastiske gitarspelet. Nydelig plate.




10. William Tyler - Impossible Truth

William Tyler dukker opp på "Haw" og har turnert med Hiss Golden Messenger i tillegg til at han er medlem av Lambchop. Soloplata hans "Impossible Truth" er ei nydelig plate. Den er inspirert av John Fahey og hans likesinnede, men den lener seg meir mot country enn folk. Noko som kanskje ikkje er så rart med tanke på at Tyler er frå Nashville.





Årets beste EPer

1. Perfect Pussy - I have lost all desire for feeling

Å høyre på Perfect Pussy er som å stå i ein storm der lyden av vind er alt ein høyrer og der det plutselig dukker opp melodier i alt bråket. Bandet er frå Syracuse og har foreløpig kun gitt ut denne demoen/epen. Musikken raser avgårde med masse energi og støy, men det er melodier begravd i alt bråket. Nærmaste samanlikningen er kanskje Hüsker Dü og No Age.




2. Desert Heat - Cat Mask at Huggie Temple

Desert Heat består av 2 gitarister som har plater på lista mi i Cian Nugent og Steve Gunn. I tillegg er John Truscinski med på trommer. Gunn og Truscinski har gitt ut eit par plater som duo, men dette er den første utgivelsen med Cian Nugent på laget. Resultatet er uanstet ein herlig blanding av psykedelia, raga og hefitg jamming.




3. Bardo Pond - Rise Above It All

Bardo Pond gav ut "Rise Above It All" i forbindelse med Record Store Day, og det er ein EP med to lange låter der første låt er ein cover av Funkadelic sin udødelige "Maggot Brain", og den andre låten er Pharoah Sanders sin like udødelige "The Creator Has a Master Plan". Ingen av coverane når heilt opp til originalen, men dei er veldig bra begge to. Bardo Pond gav i tillegg ut ei ny studioplate som kjem rett utenfor mi topp 10 liste.




4. A Pregnant Light - Domination Harmony

"Domination Harmony" var den første av 2 EPer som A Pregnant Light gav ut i 2013. Den andre "Stars Will Fall" er nesten like god, men denne er favoritten. Her utvider A Pregnant Light soundet sitt med litt akustiske gitarer og til og med clean synging, men fortsatt er det for det meste ein blanding av svartmetall, post-punk og post-rock. Bandet sjølv kaller det Purple Metal og det er nok ein beskrivelse god som nokon. Fantastisk band med ein 6-7 fantastiske EPer frå dei siste åra. Og det er endeleg ein fulllengder på gang.




5. Alluring - The Room

Alluring er eit Funeral Doom-band på same label som A Pregnant Light. Musikken er naturlig nok dyster og epen byrjar sjølvsagt med lyden av regn. Lyden er ganske lo-fi, men kvaliteten kjem likevel godt fram. Alluring har ikkje gitt ut noko meir enn denne epen, så det blir spanande å sjå om det kjem noko meir frå den kanten.





Årets samarbeid

Golden Gunn - Golden Gunn

Golden Gunn er eit samarbeid mellom Hiss Golden Messenger og Steve Gunn som Three Lobed Recordings gav ut i forbindelse med Record Store Day. Plata er ulik både "Haw" og "Time Off". Den er meir funky og havner i eit slags JJ Caleland. Det er ein blanding av instrumentaler og låter og det fungerer som berre det.





Årets plateselskap

Paradise of Bachelors har gitt ut 3 av platene på mi topp 10 liste og det inkludere den på topp. I tillegg til "Haw", "Time Off" og "Solar Motel" har dei og gitt ut to spanande reissues i løpet av året. Så totalt har dei gitt ut 5 plater som alle treffer blink. Og dei gav og ut ei plate med Promised Land Sound som også er ei bra plate, men den har ikkje heilt det same kvalitetsnivået som dei andre. Forhåpentligvis fortsett dei i same stil neste år. Det begynner i alle fall bra med nyutgivelsen av Hiss Golden Messengers sin fantastiske "Bad Debt". Og forhåpentligvis blir det også eit nytt Hiss Golden Messenger album. Smakebiter frå alle platene kan høyrast her.




Årets oppdagelse

Hiss Golden Messenger er den artisten eg har høyrd desidert mest på i løpet av året. Eg er usikker på kvifor og når eg høyrde "Haw" for første gang, men etter det har det blitt mange lytt. Og resten av katalogen til HGM har også fått veldig mange lytt. I tillegg har det ført til at eg har oppdaga artister som Steve Gunn, William Tyler, Desert Heat og mange fleire. Fantastisk band/artist som eg gleder meg til å følge i dei komande åra.