10. desember 2013

2013: Ein oppsummering

Her er ein liten årsoppsummering av 2013. Musikkåret var for meg mest prega av Hiss Golden Messenger og plater som eg oppdaga som følge av HGM. Det inkluderer artister som Cian Nugent & The Cosmos, Steve Gunn og Chris Forsyth. Alle har gitt ut virkelig bra plater i år, og forhåpentligvis kjem det meir neste år.
Eg har laga ei liste for årets 10 beste plater, årets 5 beste EPer og i tillegg har eg eit par andre kategorier der eg skriv om plater og plateselskap som har utmerka seg i 2013.



Årets 10 beste plater:

1. Hiss Golden Messenger - Haw

Dette er den første Hiss Golden Messenger-plata eg høyrde og eg likte den veldig godt med ein gong. Etterkvart måtte eg høyre igjennom den kvar dag, og den og Hiss Golden Messenger har vært det eg har høyrd mest på i løpet av det siste året. Fantastisk plate og eit fantastisk band som traff meg rett i hjartet. 




2. Deafheaven - Sunbather

"Sunbather" er på mange måter den aller beste plata som kom i år. Storslått og emosjonell svartmetall som har slått ann langt utenfor metallscena. Plata består av 4 lange låter bundet saman av 3 kortare mellomspel og som heilheit fungerer det perfekt. Ei fantastisk plate som nok vil stå igjen som ein av dei beste og viktigaste metallplatene i dette tiåret.





3. Cian Nugent & The Cosmos - Born With the Caul

"Born With the Caul" er den første plata til Cian Nugent & The Cosmos. Nugent har tidlegare gitt ut nokre plater som soloartist der han opperer i John Fahey-land. Med The Cosmos opperere han i eit landskap ein plass mellom Television, Fairport Convention og Grateful Dead. Det er ei fantastisk plate og viss ein liker den må ein og kjøpe Hire Purchase-singelen frå Bandcamp.







4. MV & EE - Fuzzweed

"Fuzzweed" var MV & EE sitt første album for året og det er ei fantastisk plate der dei blander country/folk/rocken sin og deira meir psykedeliske ekskursjoner. Det begynner med ein kort psykedelis intro før det kjem 3 fantastiske låter. Dei avslutter med at side 2 er ein lang psykedelisk sak som er fantastisk bra. Det er kanskje ikkje den mest tilgjengelige plata deira, men den anbefalast varmt.





5. Windhand - Soma

Windhand er ein av dei nye oppdagingane mine frå 2013 og det er årets nest beste metallalbum. Ei stonerdoom-plate der alt er dekka av eit nydelig lag med fuzz. Emosjonelt og storslagent med gode riff og melodier, og coveret passer perfekt til plata.






6. Chris Forsyth - Solar Motel

"Solar Motel" er på mange måter i same landskap som "Born With the Caul", men den er meir psykedelisk og den er meir rock og mindre folk. Chris Forsyth har studert gitar med Richard Lloyd frå Television og det merkes. Dei har til og med covra "Little Johnny Jewel" live.





7. My Bloody Valentine - m b v

"m b v" dukka plutselig opp ein laurdagskveld i februar. Det hadde versert rykter om at det var ei ny plate på gang og dei hadde spelt i alle fall ein av låtane live, men det var likevel ein stor overraskelse at plata dukka opp. Og det verste av alt var at den levde opp til forventningane. Ei fantastisk plate som begynner ikkje ulikt der "Loveless" slutta for så å ta ein venstresving inn i nytt men naturlig landskap mot slutten av plata. Og "wonder 2" som er siste låten er den beste på plata.





8. Wooden Wand & The World War IV - Wooden Wand & The World War IV

Wooden Wand har gitt ut to plater i år. Først kom "Blood Oaths of the New Blues" i Januar, og så kom denne plata i oktober. Der "Blood Oaths" ikkje er ulike Briarwood er "World War IV" deprimert og elektrisk. Nærmaste samanligning er nok Neil Young sin ditch-trilogi ("Times Fade Away", "Tonight's the Night" og "On the Beach"), noko som kanskje ikkje er unaturlig med tanke på at James Jackson Toth (som er Wooden Wand) har tatovert WWNYD (What Would Neil Young Do) på handa si.




9. Steve Gunn - Time Off

"Time Off" er Steve Gunn sitt første album med fullt band og det er ein samling med låter som duver avgårde i behagelig tempo der ein kan nyte roen i musikken, og føle korleis den roen sprer seg i kroppen. I tillegg kan ein nyte det fantastiske gitarspelet. Nydelig plate.




10. William Tyler - Impossible Truth

William Tyler dukker opp på "Haw" og har turnert med Hiss Golden Messenger i tillegg til at han er medlem av Lambchop. Soloplata hans "Impossible Truth" er ei nydelig plate. Den er inspirert av John Fahey og hans likesinnede, men den lener seg meir mot country enn folk. Noko som kanskje ikkje er så rart med tanke på at Tyler er frå Nashville.





Årets beste EPer

1. Perfect Pussy - I have lost all desire for feeling

Å høyre på Perfect Pussy er som å stå i ein storm der lyden av vind er alt ein høyrer og der det plutselig dukker opp melodier i alt bråket. Bandet er frå Syracuse og har foreløpig kun gitt ut denne demoen/epen. Musikken raser avgårde med masse energi og støy, men det er melodier begravd i alt bråket. Nærmaste samanlikningen er kanskje Hüsker Dü og No Age.




2. Desert Heat - Cat Mask at Huggie Temple

Desert Heat består av 2 gitarister som har plater på lista mi i Cian Nugent og Steve Gunn. I tillegg er John Truscinski med på trommer. Gunn og Truscinski har gitt ut eit par plater som duo, men dette er den første utgivelsen med Cian Nugent på laget. Resultatet er uanstet ein herlig blanding av psykedelia, raga og hefitg jamming.




3. Bardo Pond - Rise Above It All

Bardo Pond gav ut "Rise Above It All" i forbindelse med Record Store Day, og det er ein EP med to lange låter der første låt er ein cover av Funkadelic sin udødelige "Maggot Brain", og den andre låten er Pharoah Sanders sin like udødelige "The Creator Has a Master Plan". Ingen av coverane når heilt opp til originalen, men dei er veldig bra begge to. Bardo Pond gav i tillegg ut ei ny studioplate som kjem rett utenfor mi topp 10 liste.




4. A Pregnant Light - Domination Harmony

"Domination Harmony" var den første av 2 EPer som A Pregnant Light gav ut i 2013. Den andre "Stars Will Fall" er nesten like god, men denne er favoritten. Her utvider A Pregnant Light soundet sitt med litt akustiske gitarer og til og med clean synging, men fortsatt er det for det meste ein blanding av svartmetall, post-punk og post-rock. Bandet sjølv kaller det Purple Metal og det er nok ein beskrivelse god som nokon. Fantastisk band med ein 6-7 fantastiske EPer frå dei siste åra. Og det er endeleg ein fulllengder på gang.




5. Alluring - The Room

Alluring er eit Funeral Doom-band på same label som A Pregnant Light. Musikken er naturlig nok dyster og epen byrjar sjølvsagt med lyden av regn. Lyden er ganske lo-fi, men kvaliteten kjem likevel godt fram. Alluring har ikkje gitt ut noko meir enn denne epen, så det blir spanande å sjå om det kjem noko meir frå den kanten.





Årets samarbeid

Golden Gunn - Golden Gunn

Golden Gunn er eit samarbeid mellom Hiss Golden Messenger og Steve Gunn som Three Lobed Recordings gav ut i forbindelse med Record Store Day. Plata er ulik både "Haw" og "Time Off". Den er meir funky og havner i eit slags JJ Caleland. Det er ein blanding av instrumentaler og låter og det fungerer som berre det.





Årets plateselskap

Paradise of Bachelors har gitt ut 3 av platene på mi topp 10 liste og det inkludere den på topp. I tillegg til "Haw", "Time Off" og "Solar Motel" har dei og gitt ut to spanande reissues i løpet av året. Så totalt har dei gitt ut 5 plater som alle treffer blink. Og dei gav og ut ei plate med Promised Land Sound som også er ei bra plate, men den har ikkje heilt det same kvalitetsnivået som dei andre. Forhåpentligvis fortsett dei i same stil neste år. Det begynner i alle fall bra med nyutgivelsen av Hiss Golden Messengers sin fantastiske "Bad Debt". Og forhåpentligvis blir det også eit nytt Hiss Golden Messenger album. Smakebiter frå alle platene kan høyrast her.




Årets oppdagelse

Hiss Golden Messenger er den artisten eg har høyrd desidert mest på i løpet av året. Eg er usikker på kvifor og når eg høyrde "Haw" for første gang, men etter det har det blitt mange lytt. Og resten av katalogen til HGM har også fått veldig mange lytt. I tillegg har det ført til at eg har oppdaga artister som Steve Gunn, William Tyler, Desert Heat og mange fleire. Fantastisk band/artist som eg gleder meg til å følge i dei komande åra.

25. november 2013

Live at Cafe Oto


Den siste veka har to av mine favorittartistar gitt ut liveplater frå Cafe Oto i London digitalt. Hiss Golden Messenger gav ut "London Exodus" som er eit opptak av ein konsert frå mai i år og Red River Dialect gav ut "Live at Cafe Oto" frå oktober i år.

"London Exodus" kan kjøpes direkte eller så får ein den med viss ein forhåndsbestiller nyutgivinga av "Bad Debt". Den er uansett ei nydelig liveplate der William Tyler (kjend frå Lambchop og som soloartist) speler gitar gjennom heile plata. Ein får nydelige versjoner av låter frå alle platene til Hiss Golden Messenger i tillegg til eit par coverlåter. Anbefalest høgt.



"Live at Cafe Oto" av Red River Dialect blir gitt ut for å finansiere den nye plata deira. På opptaket får ein 3 gamle låter i nye arrangement pluss tre nye låter som kanskje kjem på den nye plata. Flott liveplate er det uansett og viss ein ikkje har høyrd "'awellupontheway'" enda må den sjekkes ut. Eit av fjorårets beste album. Tenk ein miks av Fairport Convention og The Waterboys med og ein er eit godt stykke på vei. Eller som Dusted Magazine skreiv om "'awellupontheway'": "(the)songs, eight of them here, take the lilt and roll of British sea chanties and blow them into amplified, feedback-droning, violin squalling anthems. This is, no kidding, one of the best folk-derived, psych-filtered rock albums of 2012, a great hoary rampaging beast of a record that rakes bloody, violent claws through the symmetries of traditional folk."



6. november 2013

Heroin


Då er det på tide med ei ny speleliste og tida har kome for ei speleliste der alle låtane handler om heroin. Den byrjer med euforiske "There She Goes" og "Another Girl, Another Planet" før David Bowie og Mick Ronson covrer Velvet Underground.

Deretter blir det meir eksplisitt dopbruk med "Mr. Brownstone" og "Junkhead". Når det gjelder Alice In Chains så kunne vel nesten heile "Dirt"-plata blitt brukt i ei speleliste som dette. "Junkhead" er uansett ein av mine Alice In Chains-favoritter med ein fantastiks gitarsolo.

 "Beetlebum" og "Sister Morphine" er litt meir nedpå før Velvet Underground sin klassiske "Heroin" kjem inn med sin dronande bratsj. Deretter tar Elliott Smith det enda meir nedpå med "Needle in the Hay"før "Signed D.C" og "Narkoman" og "I Believe in You" virkelig viser skyggesida av dopet. 


15. oktober 2013

Wooden Wand


James Jackson Toth har gitt ut massevis av plater under namnet Wooden Wand. Ein del med Vanishing Voice og seinare med andre namn. Dei tidlege platene er rare saker, men dei siste tre platene er fantastisk amerikana. Dei er alle spelt inn med dei same musikarane og den siste plata har kome ut under namnet Wooden Wand & The World War IV.

Den første er "Briarwood" som eg synest er den svakaste av dei tre. Den åpner med "Winter in Kentucky" som er ein nydeleg låt, men resten er ikkje fullt så bra som den.

Oppfølgaren "Blood Oaths of the New Blues" er eit steg nærmare Neil Young & Crazy Horse-land noko som ikkje er så rart når Toth har ein tattovering der det står WWNYD (What Would Neil Young Do). Han har forøvrig gått igjennom og rangert alle Neil Young-platene for Stereogum. Vel verdt tida det tar å lese igjennom.

"Blood Oaths of the New Blues" er mørkare og treigare enn den forholdsvis oppløftande "Briarwood", men eg synest låtane og arrangementa er hakket bedre.

Den siste plata i den foreløpige trilogien er "Wooden Wand & The World War IV" som er den plata som er mest støyande og mest likt det Neil Young har gitt ut med Crazy Horse. Nok ei fantastisk plate som anbefalst på det sterkaste. Og viss ein liker desse platene er det mykje meir å oppdage, då han har eit ukjend antall utgivelser under variasjoner av Wooden Wand og også under sitt eige namn.






16. september 2013

Nye plater


Vattnet Viskar har levert ei av årets beste Black Metal-plater i "Sky Swallower". Plata er under 40 minutt, men det er 40 episke og til tider vakre minutt. Plata kan på mange måter minne om Deafheaven sin "Sunbather", men det er mindre punk/hardcore i soundet og meir metal. Uansett ei plate som er vel verdt å tilbringe tid med. 


 
Den andre plata eg vil anbefale er "Soma" av Windhand. Det er ei doom/stoner-plate som er innrøykt i tjukk fuzz. Massivt, treigt og vakkert. Fuzzen på plata er kanskje den mest massive eg nokon gong har høyrd. Kan i alle fall ikkje hugse ei plate med så massiv og tøff fuzz. Viss ein har sansen for band som Sleep, 40 Watt Sun og Warning er dette ei plate som anbefalast sterkt. 


27. august 2013

Jesus, etc

Det finnes eit ukjend antall låter som handler om Jesus og eg har her samla 11 av dei. Låtane varier frå det heilt rolege til Soundgarden sin utblåsning i "Jesus Christ Pose", men felles er at det er gode låter. Spelelista finnes også i WiMP.

11. august 2013

Oslo og Gøteborg


Me skal snart ein liten tur til Oslo og Gøteborg på ferie og då må det sjølvsagt lages speleliste med musikk frå dei to byane. Felles for begge er at det stort sett er musikk frå 90-talet og nyare som er med. Oslolista er stort sett rock og Gøteborg er meir pop. Det er uansett mykje god musikk på begge listene. 




29. juli 2013

North Carolina

Eg har oppdaga at i det siste så har eg høyrd mykje på musikk frå North Carolina. Det gjelder spesielt Horseback og Hiss Golden Messenger, men det er og andre band som Whiskeytown som eg også kjem frå North Carolina som eg har høyrd mykje på. Så her er ei speleliste med mykje god musikk frå den staten.





Og som ein bonus kan ein her høyre M.C. Taylor frå Hiss Golden Messenger, Heather McEntire frå Mount Moriah og Jenks Miller frå Mount Moria og Horseback covre Neil Young i lag. Finfin versjon.

18. juli 2013

Do You Know How to Drone?



Low spelte for ein liten måned siden ein halvtimes konsert der dei kun framførte "Do You Know How to Waltz?". Versjonen kan høyrast her. Dette inspirerte meg til å lage ein spelelisten med andre låter som kombinerer sanger og droner. Lista begynner sjølvsagt med "Do You Know How to Waltz?" i studioversjonen. I tillegg finn ein låter frå The Stooges, Sonic Youth, The Stooges, Wilco, Grouper og Sunn O))) & Boris. WiMP-versjone mangler dessverre låtane frå dei to sistnevnte. 

Viss det er andre låter som nokon føler passer så tar eg gjerne i mot forslag.



4. juli 2013

The Aller Værste!

Her om dagen kom eg over eit par fantastiske videoer med The Aller Værste frå diverse tv-opptredener som trommis Ketil Kern har lagt ut på youtube. 






23. juni 2013

Wilco covrer alle


På fredag spelte Wilco konsert der dei spelte låter etter ynskje frå folk via nettet og det endte opp med nesten kun coverlåter. NYCTaper var tilstede og tok opp konserten, og den er no tilgjengelig for nedlasting. Eg følte og trang til å lage ei speleliste med originalene og den ligg under her. Den einaste låten som mangler er "And Your Bird Can Sing" av The Beatles sidan dei dessverre ikkje er tilgjengelig på spotify enda.  


10. juni 2013

Deafheaven


Deafheaven er eit amerikansk svartmetallband som kombinere black metal, shoegazing og post-rock til fantastisk resultat. Dei debuterte for eit par år sidan med plata "Roads to Judah" og er no aktuelle med plate nummer 2 "Sunbather". Mellom plate 1 og 2 gav det ut ein splitsingel med Bosse-de-Nage der dei covra dei to første låtane frå Mogwai si "Come On Die Young"-plate. Dei gir ut platene sine på Deathwish inc, som er plateselskapet til Jacob Bannon frå Converge.

"Roads to Judah" er ein fantastisk debut der dei blander svartmetall og shoegaze på dei 4 lange låtane (den kortaste er 6 minutt). Deafheaven blander dei to sjangrane på ein heilt annan måte enn for eksempel Alcest som stort sett er mykje mindre aggressive. Deafheaven har og ein del screamo i uttrykket sitt noko som først og fremst kjem til uttrykk i vokalen som er aggressiv på ein annan måte enn det som er vanleg i svartmetallen. I tillegg greier dei og å ha dei storslåtte melodiane frå post-rocken som fører til at musikken har eit glimt av håp og lys.





"Sunbather" tar musikken deira eit steg vidare. Plata er samstundes meir intens og meir oppløftande. "Sunbather" har som "Roads to Judah" 4 lange spor, men den har og 3 kortare mellomspel. Desse varierer frå varsomt piano til rein støy som går over til akustisk gitarklimpring. Ein kan og tydlegare høyre påvirkningen frå band som Mogwai i partier der dei roer det ned med blastbeats. 
Alt dette har sjølvsagt ført til at black metal-puristane hater bandet på same måte som dei hater Liturgy. Produksjonen er ikkje nekro nok og både liksminke og all anna ekstra staffasje mangler. Dei som avskriv bandet på grunn av det går glipp av eit fantastisk band og to fantastiske plater. 



7. juni 2013

Arcade Fire


Stereogum publiserte nyleg si topp 10 liste med Arcade Fire, og sjølv om eg er einig med mange av valga mangler lista blant anna "Intervention" som er ein av mine favorittlåter, så då måtte eg lage mi eiga liste. Eg har valgt litt andre låter og hovudfokuset er på låter frå "Funeral" og "Neon Bible" då det er dei to platene eg har høyrd mest på. Min favorittlåt av Arcade Fire er sjølvsagt "Rebellion (Lies" som er ein av mine absolutte favorittlåter. Eg ynskjer ofta at det siste minuttet i den låta kan blir dratt ut i 3 eller 4. Fantastisk melodilinje som er skapt for å holdes gåande med stigande intensitet så lenge som mulig. Uansett her er lista mi:



31. mai 2013

Broder Daniel Forever


"Broder Daniel Forever" er på mange måter den perfekte plata for desperate tenåringer. Lydbildet er massivt og overstyrt og samtstundes er det tekster ein kan kjenne seg igjen i og koringer som ein kan gaule med på med ein einaste gang. Åpningslåten "I'll be Gone" er den perfekte start der alt som er bra med plata kjem fram. Soundet kan minne mykje om Jesus and Mary Chain si "Psychocandy" med skarpe fuzza gitarer, men her ligg følelsane langt utenpå kroppen og alt er hyperintenst. I tillegg er det eit voldsomt driv på låtane og desperasjonen kjem tydelig fram i både musikk og tekster. Låtane er i tillegg fantastiske og det heile blir ei fantastisk plate som står igjen som ei klassisk rockeplate. 



25. mai 2013

Soup


"Soup" av Blind Melon er eit av 90-talets gløymde mesterverk. Etter førsteplata med hitten "No Rain" tok bandet ein mørkare vending og "Soup" er resultatet. Plata er spelt inn i New Orleans og ein kan tydeleg høyre voodooen i musikken. Musikalsk er plata både her og der med enkelte låter i 70-tals hard rock/psykedelia-landskap og enkelte andre med countrypreg. Dei har til og med fått plass til ein cellosolo. 

Plata fekk aldri heilt den oppmerksomheten den fortjente av fleire grunner. Først og fremst at vokalist Shannon Hoon døde eit par månader etter plata kom ut og at det ikkje er nokre hitlåter på plata.

18. mai 2013

Two Hunters


Wolves in the Throne Room er kanskje det beste amerikanske svartmetallbandet og dei har gitt ut ei rekke bra plater. Likevel er det alltid same plata eg sett på når eg vil høyre på WITTR. 'Two Hunters' er deira andre plate og den absolutt beste i følge mine øyre. Plata består av 3 lange spor og eit kort eit på knappe 6 minutt. Vinylversjonen har eit ekstra spor og ein lenger versjon av av "Cleansing". Høgdepunkta på plata er "Behold the Vastness and Sorrow" og "I Will Lay Down My Bones Among the Rocks and Roots". Det er dei to lengste spora på plata og der WITTR sin atmosferiske svartmetall virkelig står fram. Musikken er trist og bekmørk, men ein kan heile tida skimte eit lys langt i det fjerne som gjer at ein kan la seg fange av musikken. 





9. mai 2013

Horseback





Horseback har blitt eit av mine favorittband i løpet av dei siste åra. Musikken er ein psykedelisk blanding av Black Metal og Americana med ein god porsjon Droning slengt inn i miksen. Horseback er egentlig Jenks Miller, men har i etterkvart fått fleire medlemmer.
Debutten "Impale Golden Horn" kom i 2007 og er Horseback på sitt mest dronete. Plata er Jenks Miller sitt forsøk på å få bukt med tvangstankane sine. Om han lyktes er eit anna spørsmål, men plata er i alle fall meditativ og ein flyt avgårde i ein psykedelisk rus som er heilt fantastisk. Plata er gitt ut på vinyl av Three Lobed Recordings og på cd av Relapse Records i lag med "Forbidden Planet".






Plate nummer to er "The Invisible Mountain" som er min personlige Horseback-favoritt. Det er ei fantastisk plate der dei tre første låtane er ein blanding av Krautrock, Americana og Black Metal. Fantastiske låter som ruller og går i eit perfekt tempo. Siste låten på plata er "Hatecloud Desolving into Nothing" som er ein 16 minutt lang drone som er ein perfekt avslutting på plata. Plate kom først ut på Utech Records før Relapse gav den ut på nytt i større opplag. Plata kom høgt opp i kampen om årets album til fleire kritikarar eg har sansen for, og det var slik eg oppdaga plata.






Etter "The Invisible Mountain" kom "Forbidden Planet" på kassett og det er Horseback som Black Metal-band. Den kom på cd på Relapse der cd1 er "Impale Golden Horn" og cd2 er "Forbidden Planet". Den samlingen har namnet "The Gorgon Tongue". Eg har ikkje heilt fått taket på "Forbidden Planet" enda, men eg antar at det berre er snakk om å bruke litt tid på den før den sit. 
Den foreløpig siste plata til Horseback er "Half Blood" som kom ut i 2012. Den er på mange måter ein naturlig oppfølger til "The Invisible Mountain" då musikken er i same leia og oppbyggingen på plata er den same med låtane først før den avsluttes med ein lang drone. Låtane er litt meir varierte på "Half Blood" og drona er delt opp i 3 delar.





3. mai 2013

Hiss Golden Messenger


Min siste oppdagelse er Hiss Golden Messenger som har gitt ut 4 plater siden 2008. Dei er alle tilgjengelig på spotify med unntak av den siste "Haw" som kom ut i vår. "Haw" er den foreløpig beste Hiss Golden Messenger-plata, men dei andre heldt også høg standard. 

Musikken er ein blanding av folk, country, soul og litt psykedelia. Hovedfokuset er låtane og vokalen til MC Taylor som og tar seg av låtskrivingen..Det andre medlemet er Scott Hirsch som speler masse instrument og tar seg av innspelingane. I tillegg frå dei hjelp av andre artister som William Tyler frå Lambchop som og har gitt ut eit par flotte soloplater. 
"Country Hai East Cotton" er debuten og det er ein samling låter som viser litt av potensialet til Hiss Golden Messenger, men er egentlig ein litt uferdig versjon av bandet. Etter det kom "Bad Debt" som er ei solo akustisk plate og som virkelig sett fokus på låtane og stemma til MC Taylor. Ei nydelig dempa plate. 


"Poor Moon" er på mange måter den første virkelige plata til Hiss Golden Messenger og er ei nydelig plate med høgdepunkt som "Jesus Shot Me in My Head". Her kjem alle dei ulike fasettane til Hiss Golden Messenger fram. "Haw" er meir av det same berre enda betre og enda meir intrikat og velprodusert. 



25. april 2013

The Creator has a Maggot Brain



I forbindelse med Record Store Day ga Bardo Pond ut ein EP med to lange cover av klassiskere fra musikkhistorien. "Maggot Brain" er ein cover av Funkadelic, der originalen er ein 10 minutter lang gitarsolo av Eddie Hazel der han er meir Jimi Hendrix enn Jimi Hendrix. "The Creator Has a Master Plan" er Pharoah Sanders sitt mest kjende stykke og er eit 33-minutt lang fritt stykke.


"Maggot Brain" er kanskje Funkadelic sin mest kjende låt, og den har blitt covra av eit uttal artister siden den kom ut i 1971. George Clinton ba Eddie Hazel spele soloen som han hadde blitt fortald at mora var død for så å finne ut at det ikkje stemte. 

"The Creator Has a Master Plan" er eit langt stykke som er ein slags oppfølger til John Coltranes "A Love Supreme", og den har den samme spirituelle stemninga.  


Michael Gibbons frå Bardo Pond sin forklaring på kvifor dei covra desse låtane: "These tracks represent the apex of sublimity for us. They are archetypes for our way of making music. They both offer the listener a mainline to an emotional epiphany that can only be experienced through listening to these very songs. Through seemingly minimal means, gut wrenching tones and glorious repetition, a gateway opens, endorphins are released, illumination is attained. We stand in the light emanating from these Pyramids of Sound. We humbly rolled them up in the Lemur House as a form of pilgrimage. Please partake. Thanks."
Bardo Pond sine versjoner er kjørt igjennom Bardo Pond-kverna og høyrest derfor mest ut som Bardo Pond. Fine versjoner er det i alle fall.