16. september 2013

Nye plater


Vattnet Viskar har levert ei av årets beste Black Metal-plater i "Sky Swallower". Plata er under 40 minutt, men det er 40 episke og til tider vakre minutt. Plata kan på mange måter minne om Deafheaven sin "Sunbather", men det er mindre punk/hardcore i soundet og meir metal. Uansett ei plate som er vel verdt å tilbringe tid med. 


 
Den andre plata eg vil anbefale er "Soma" av Windhand. Det er ei doom/stoner-plate som er innrøykt i tjukk fuzz. Massivt, treigt og vakkert. Fuzzen på plata er kanskje den mest massive eg nokon gong har høyrd. Kan i alle fall ikkje hugse ei plate med så massiv og tøff fuzz. Viss ein har sansen for band som Sleep, 40 Watt Sun og Warning er dette ei plate som anbefalast sterkt.