31. august 2012

Dagens låt 31.08.2012


Pentagram er eit legendarisk amerikansk 70-talsband som har influert mange band sjølv om dei ikkje gav ut noko på plate før 10 år etter det blei spelt inn. "20 Buck Spin" er ein av dei beste låtane frå den tida, og den har og gitt namnet sitt til eit plateselskap. 

30. august 2012

Dagens låt 30.08.2012


"Velkommen heim" av Tønes er ein vakker liten låt som passer fint på ein regnfull torsdag. 


29. august 2012

Dagens låt 29.08.2012


Dagens låt må bli ein av dei beste Leonard Cohen-covrene. Antony gjer "If It Be Your Will" i filmen "Leonard Cohen: I'm Your Man", og versjonen hans er fantastisk. 


28. august 2012

Dagens låt 28.08.2012


I dag skal eg sjå Leonard Cohen live for fyrste gong, og då må sjølvsagt dagens låt være ein av hans låter. Eg valgte "Famous Blue Raincoat" fordi det er ein fin låt, og fordi det er meldt mykje regn. Satser på at det siste er feil. 

27. august 2012

Dagens låt 27.08.2012


Det er godt å starte ei ny veke på ein roleg måte, og då er "First Breath After Coma" av Explosions in the Sky eit godt val. For meg frambringer musikken bilete av solfylte åpne landskap. Noko av grunnen til det er nok at tv-serien Friday Night lights brukte EITS sin musikk, og noko av det er det musikken som står for. Friday Night Lights bør forøvrig sjåast.

26. august 2012

Dagens låt 26.08.2012


"Dreaming with Alice" er ei kultplate som blei spelt inn i Italia tidleg på 70-talet. Plata går vel inn under sjangeren folk, men med litt psykedelia inkludert. Tittelsporet er delt opp i 8 ulike spor som dukker opp med jamne mellomrom på plata og som skaper ein heilt egen stemning. Nydelig låt, og resten av plata er også veldig bra. 

25. august 2012

Dagens låt 25.08.2012


Eg fortsetter med meir australsk garasjerock og då er selvfølgelig tida kome for The Saints og "(I'm) Stranded, som er ein av dei aller beste rockelåtene som nokon gang er laga. 

24. august 2012

Dagens låt 24.08.2012


Radio Birdman er eit fantastisk rockeband frå Australia som tok namnet sitt frå ei Stooges-tekstlinje. "Aloha Steve and Danno" er inspirert av tv-serien "Hawaii 5-0" (originalen frå 70-talet, ikkje den nye versjonen) og dei inkorperer også kjenningsmelodien til serien i låten. 


Og her er kjenningsmelodien til serien:

23. august 2012

Dagens låt 23.08.2012


Det er på tide med litt meir sinna norsk musikk, så dagens låt er "Eyes And Limbs Are Waiting For Contact With These Macabre Tools" av Sigh & Explode. Ein tøff hardcore-låt med små hint av svartmetall. 

22. august 2012

Dagens låt 22.08.2012



"The Highwayman" er ein country-klassiker skrevet av Jimmy Webb, og den er kome ut i ein del forskjellige versjoner. Eg har valgt meg Arbouretum sin versjon som høyres ut som den kunne vert spelt av eit litt mindre skittent Crazy Horse. 


21. august 2012

Dagens låt 21.08.2012


"Caramel" er ein av Blur sine triste og vakre lange låter. Den kom på "13" i 1999, og er eit av høgdepunkta på den plata. Stereogum har nyleg publisert ei spanande topp 10 lista av Blur sine låter der "Caramel" er på 3. plass. Mykje fine låter der som ikkje har fått same oppmerksomheten som hittene. Og den finnes selvfølgelig som ei veldig fin spotify-liste

20. august 2012

Dagens låt 20.08.2012


"Oscillations" høyrest ut som den kunne vert laga i går, men blei faktisk laga for 44 år sidan. Den foreløpig siste plata til Portishead er tydelig inspirert av denne låten. 


19. august 2012

Dagens låt 19.08.2012


Ein slapp og trøtt søndag fortjener ein rolig og vakker låt. "Ghosts" er definitivt det og viser og at det blei laga mykje bra og eksperimentell musikk tidleg på 80-talet. 


18. august 2012

Dagens låt 18.08.2012

Dagens låt er "Up With People" av Lambchop. Det er ein oppløftande country/soul-sak som er ein del av den beste plata Lambchop har gitt ut ("Nixon"). 

17. august 2012

Dagens låt 17.08.2012


Matt Valentine og Erika Elder har gitt ut massevis av plater og "Country Stash" er ein av dei betre av dei. Plata høyres ut som nokon har kombinert Crazy Horse og Grateful Dead på halv fart. Ei deilig plata å sette på når ein vil slappe godt av. 

16. august 2012

Dagens låt 16.08.2012


Det er på tide med litt japansk 70-tallspsykedelia. Flower Travellin' Band begynte som coverband, men med Satori begynte dei med egne ting, og plata har nok vert ein inspirasjon for blandt andre Sleep då plata er ein lang psykeldisk jam som Sleep sin "Dopesmoker/Jerusalem". Uansett er Satori verdt ein lytt eller to. 

15. august 2012

Dagens låt 15.08.2012


"Expressway to Yr Skull" er ein av mine Sonic Youth-favoritter, og versjonen dei avslutta med på Øyafestivalen for nokre år sidan var enorm. Det hjalp sjølvsagt at Jim O'Rourke og Mats Gustafsson begge var på scena. Her er originalen frå EVOL.


14. august 2012

Dagens låt 14.08.2012


"Rebellion (Lies") er min desidert største Arcade Fire-favoritt. Einaste ankepunktet er at den avsluttast litt for raskt. Dei kunne godt spelt det nydelige fiolintemaet mange fleire ganger. 


13. august 2012

Dagens låt 13.08.2012


Dagens låt er det som for meg er høgdepunktet på "The Graceless Age" som kom for eit par månader sidan. Vanskelig å beskrive plata, men den minner meg litt om John Grants "Queen of Denmark". Uansett ein veldig bra låt. 

12. august 2012

Dagens låt 12.08.2012


Dagens låt er ein rørande låt om det å spele i band med sine beste venner, og korleis punk endra liva deira. Fantastisk låt. 

11. august 2012

Dagens låt 11.08.2012


På tide med litt lett sommerpop, og då passer "Being Around" av The Lemondheads bra. Ein lett countryfisert poplåt med småmorsom og underfundig tekst fungerer bra på varme sommerdager. 

10. august 2012

Dagens låt 10.08.2012


Endelig fredag, så då passer det godt med to fredagslåter. Easybeats sin "Friday on My Mind" er ein 60-talsklassiker og The Cure sin "Friday I'm in Love" ein 90-talsklassiker. 


9. august 2012

Dagens låt 09.08.2012


"Turn on the News" er den mest catchye og rocka låten på " Zen Arcade". Resten av plata varierer mellom hardcore, psychedelia og rare ting, men "Turn on the News" er ein god gammeldags rockelåt. Uansett ein av Grant Harts sine best låter, og dermed også ein av Hüsker Dü sine beste låter. 


8. august 2012

Dagens låt 08.08.2012

"Summer" var den første låten til Mogwai eg høyrde og den satt som eit skudd med ein gang. Bra melodi, støyende gitarer og eit støyparti med stadig stigande intensitet og ein fin zylofon-melodi. "Ten Rapid"-versjonen som er her er mykje betre enn versjonen som kom på "Young Team". 



7. august 2012

Dagens låt 07.08.2012


"Waiting Room" er byrjinga til Fugazi og for ein start det er. Dubby bass med aggressiv vokal og gitar, og eit fantastisk refreng. Starten på ein lang karriere og post-hardcore som sjanger.

6. august 2012

Dagens låt 06.08.2012

"Washer" er ein av mine favorittlåter og eit av dei to store høgdepunkta på "Spiderland". Og viss ein vil sjå kor post-rocken kom i frå er dette eit godt utgangspunkt. 

5. august 2012

Dagens låt 05.08.2012


"Tam Lin" er ein tradisjonel låt som Fairport Convention adopterer på fantastisk vis. Veldig bra utgangspunkt viss ein vil veta kva britisk folkrock egentlig er. 

4. august 2012

Dagens låt 04.08.2012

"Wind's Dark Poem" er første spor på Mount Eeries "Wind's Poem". Det er den låten på plata som er mest svartmetall, medan resten tar sin egen vei som alle Mount Eerie og Microphones-plater. 

3. august 2012

Dagens låt 03.08.2012


Det er igjen på tide med litt progga rock, og turen har denne gang kome til Coheed and Cambria. Dette er egentlig den einaste Coheed and Cambria-låten eg fortsatt liker. "In Keeping Secrets of Silent Earth: 3" er tittelsporet på deira 3. plate og det er ingen tvil om at dei har høyrd mykje på Rush både når det gjeld musikk og vokal. I tilegg er det sjølvsagt eit konsept inni bildet her, men det treng ein heldigvis ikkje å bry seg så mykje om. Uansett er det ein bra låt. 

2. august 2012

Dagens låt 02.08.2012


Då er det på tide med min Rolling Stones-favoritt. "Sway" er spor nummer to på "Sticky Fingers" og den har alltid truffet meg der gode låter skal. Og rart nok er det ein låt der Mick Jagger speler gitar og Keith Richards er fraværende. Men det er likevel leadgitaren til Mick Taylor som er i fokus. Deilig låt og deilig gitarspel. 

Alejandro Escovedo har ein fantastisk cover av "Sway" på live-plata "More Miles than Money". Den versjonen er litt treigare og delvis countryfisert, men bortimot like bra.

1. august 2012

Dagens låt 01.08.2012


"I am the Cosmos" var på den einaste soloutgivelsen han fekk gitt ut medan han fortsatt var i livet. Den kom ut saman med "You and Your Sister" på ein singel og begge dei låtane er fantastiske. Alle som liker Big Star bør høyre den og plata som kom ut etter hans død. Den plata er dessverre ikkje tilgjengelig på spotify eller wimp, men "I am the Cosmos" og "You and Your Sister" er på den fantastiske Big Star-boksen "Keep an Eye on the Sky".