30. juni 2012

Dagens låt 30.06.2012


"Rollercoaster" er Sleater-Kinney på sitt mest overstyrte. Alt høyrest ut som det er skrudd alt for høgt, men det funker som berre det. "The Woods" er ein fantastisk avsluttning på karrieren deira, men eg har fortsatt eit lite håp om at det kjem meir i framtida. 

29. juni 2012

Dagens låt 29.06.2012


"Sympathy" er ein av Sleater-Kinney sine mørkare låter. Den avslutter plata "One Beat" og viser på sett og vis veien framover mot "The Woods". Uansett ein knallavsluttning på plata. 


28. juni 2012

27. juni 2012

Dagens låt 27.06.2012

Sleater-Kinney står også i dag for dagens låt. "Get Up" er frå plata som kom etter "Dig Me Out" "The Hot Rock" og dei fortsett med å gi ut fantastiske plater. 

26. juni 2012

Dagens låt 26.06.2012

Sleater-Kinney er eit av mine favorittband som eg heldigvis fekk sett live eit par ganger før dei gav seg. "Words and Guitar " er eit av høgdepunkta på "Dig Me Out" som nok er den plata av dei eg har høyrd flest ganger. 

25. juni 2012

Dagens låt 25.06.2012


Parts & Labor sin cover av "Runaway" er ein av mine favoritter frå The AV Club sin Undercover serie. Ein støyete og tøff versjon av Kanye West. 

24. juni 2012

Dagens låt 24.06.2012


Kyuss Lives spelte på Bergenfest i går, så dagens låt blir min personlige Kyuss-favoritt "Un Sandpiper". Det høyrest ut som den er spelt inn live i studio då den halter av gårde i ein takt før groovet sitt. Deretter fortsetter den å groove i 8 deilige minutt. 


23. juni 2012

Dagens låt 23.06.2012


I dag er det fleire artister eg gleder meg til på BergenFest og dagens låt må nesten være frå ein av dei. Valget falt på Turbonegro og kanskje den tøffaste låten deira. Singel versjonen  av "Prince of the Rodeo" er mykje betre enn albumversjonen og dei har ikkje gjort mykje som er betre enn dette. 

22. juni 2012

Dagens låt 22.06.2012


"Here Comes a Regular" er Paul Westerberg på sitt aller beste. Ein nydelig og melankolsk låt.

21. juni 2012

Dagens låt 21.06.2012


Mastodon er ein av mine metall-favoritter. "Hearts Alive" er den lengste låten på det som etter min meining er deira beste album "Leviathan", og det er ein deilig progga låt.

20. juni 2012

Dagens låt 20.06.2012


"Emerald" er ein av dei tøffaste Thin Lizzy-låtane, og det finnes ein særdeles tøff Mastodon-cover av den på nett. 



19. juni 2012

Dagens låt 19.06.2012


Det er på tide med litt god gammeldags 70-tallsrock. "Silver Machine" er den einaste hiten deira, men det tidlege platene er alle verdt å sjekke ut.

18. juni 2012

Dagens låt 18.06.2012

Photo by Stefano Giovannini
"Metal Heart" er ein av dei låtane eg har høyrd flest gonger dei siste åra. Eg er spesielt glad i versjonen på "Jukebox", men "Moon Pix"-versjonen er også veldig bra. Uansett ein vakker låt som rører meg djupt.

17. juni 2012

Dagens låt 17.06.2012


Det er mindre enn ei veke igjen til Patti Smith skal spele på BergenFest og dermed passer det bra med ein Patti Smith-låt som dagens låt. "About a Boy" er frå "Gone Again" som kom i 1996. For meg er det den absolutt beste låten på "Gone Again".

16. juni 2012

Dagens låt 16.06.2012

Kung Fu Girls gav ut "This Is the Kung Fu Beat" i 1993 og det er ei deilig power-popplate. "You Don't Have to Worry" er eit av fleire høgdepunkt på den plata. Anbefales. 


15. juni 2012

14. juni 2012

Dagens låt 14.06.2012


Sidan eg såg Slayer live for første gong i går må dagens låt bli eit av høgdepunkta i deira diskografi. "Angel of Death" er fyrste låt ut på "Reign in Blood" og slår ann tonen for heile plata. Full guff med ein valdsam intensitet. Og trommesoloen er fantastisk. 


13. juni 2012

Dagens låt 13.06.2012



"Ever Fallen in Love..." er ein fantastisk punk/power-poplåt. Og "Singles Going Steady" har mange låter som nesten er like bra. 


12. juni 2012

Dagens låt 12.06.2012



"Leaving It Up to You" er John Cale på sitt creepieste og mest paranoide.  Låten blir stadig meir intens medan John Cale blir meir og meir frådande. Fantastisk og intens låt. 

11. juni 2012

Dagens låt 11.06.2012


"Western Skyline" er ein flott låt med fantastisk steelgitar. Eg blei fullstendig betatt av låten då den dukka opp på ein uncut-cd for mange år siden. 

10. juni 2012

Dagens låt 10.06.2012


"She" er ein av Gram Parsons sine finaste sanger. Den kom ut på hans første soloplate og er eit godt eksempel på musikk i grenselandet mellom country og soul. Perfekt musikk for ein slapp søndag med andre ord. 

9. juni 2012

Dagens låt 09.06.2012


Japandroids har nett kome ut med ei fantastisk ny plate, men dagens låt er høgdepunktet frå forrige plate; "Young Hearts Spark Fire". Livsbejaende rock/punk som passer perfekt til allsang og øldrikking.

8. juni 2012

Dagens låt 08.06.2012


Dagens låt er "Wharf Rat" av Grateful Dead er ein herlig låt med masse deilig Grateful Dead-jamming. Ein av deira beste. 

7. juni 2012

Dagens låt 07.06.2012


Liturgy er eit svartmetallband fra Brooklyn som er ganske hata blandt metallfolket, men eg liker det og "Mysterium" er eit godt eksempel på kvifor. 

6. juni 2012

Mount Eerie

Phil Elverum fra Mount Eerie og The Microphones har laga ein fin miks for Self-Titled Mag som også ligg på soundcloud. Varierte saker.




1. Bernard Herrmann, “The Window”
2. Chrysta Bell + David Lynch, “Bird of Flames”
3. Adrian Orange, “sanz”
4. Clams Casino, “The World Needs Change”
5. Joni Mitchell, “Strong and Wrong”
6. Adrian Orange, “Fire Dream”
7. This Mortal Coil, “Another Day”
8. Will Oldham, “Give Me Children”
9. Gurdjieff/De Hartmann, “Prayer No. 2″
10. Kirsten Bråten Berg, “Tirili Tovann”
11. Xasthur, “Prison of Mirrors”  
12. Es, “Aavehuminaa (Katjalle)”
13. Sunn O))), “Big Church (Megszentségteleníthetetlenségeskedéseitekért)”
14. The Bulgarian State Radio And Television Female Vocal Choir, “Atmadja Duma Strachilu”
15. Ry Cooder, “Brothers”
16. Smog, “Palimpsest”
17. Eric’s Trip, “Your Always Right”
18. Loren Mazzacane Connors, “Why We Came Together”

Dagens låt 06.06.2012


Enda meir DC-hardcore fra 80-tallet. Dagens låt er frå Void og er to takes av samme låt i løpet av knappe 90 sekunder. Agressivt og tøft. 

5. juni 2012

Dagens låt 05.06.2012


Rites of Spring er det originale emo-bandet og den einaste plata som er kome ut med dei er vel verdt å sjekke ut og ein av dei beste platene frå Dischord. Rites of Spring eksisterte i eit par år midt på 80-tallet og eit par av medlemane blei seinare med i Fugazi. "End on End" er den lengste låta dei har og er eit godt eksempel på kva musikk dei dreiv på med. 


4. juni 2012

Dagens låt 04.06.2012


"Broken Chairs" er ein av mine Built to Spill favoritter. Flott låt i byrjinga og så blir det lang gitarsolo/jam. Funker som ei kule. Dette er ein live-versjon frå Seattle som er kort i forhold til versjonen som er på live-plata som er 20 minutter lang. Originalen er på Keep It Like a Secret som dessverre ikkje er tilgjengelig for streaming. 

3. juni 2012

Dagens låt 03.06.2012




Tittelsporet på Jim O'Rourkes "Eureka" er 9 nydelige minutter med musikk. Resten av plata er og bra, men "Eureka" er det store høgdepunktet for meg. 

2. juni 2012

Dagens låt 02.06.2012



Dagens låt er ein av dei finaste, gladest og tristaste sangane eg veit om. Nydelig tekst og nydelig låt. 

"Do You Realize - that you have the most beautiful face  
Do You Realize - we're floating in space
Do You Realize - that happiness makes you cry
Do You Realize - that everyone you know someday will die

And instead of saying all of your goodbyes - let them know
You realize that life goes fast It's hard to make the good things last
You realize the sun doesn't go down It's just an illusion caused by the world spinning round

Do You Realize - Oh - Oh - Oh  
Do You Realize - that everyone you know
Someday will die

And instead of saying all of your goodbyes - let them know
You realize that life goes fast It's hard to make the good things last
You realize the sun doesn't go down
It's just an illusion caused by the world spinning round

Do You Realize - that you have the most beautiful face
Do You Realize"

1. juni 2012

Dagens låt 01.06.2012

"Hitchhiker" er ein gamal låt som først kom ut på "Le Noise". Den kan vel best beskrivast som Neil Young sin narkotikabiografi. Uansett ein av mine favoritter på "Le Noise".