25. april 2013

The Creator has a Maggot Brain



I forbindelse med Record Store Day ga Bardo Pond ut ein EP med to lange cover av klassiskere fra musikkhistorien. "Maggot Brain" er ein cover av Funkadelic, der originalen er ein 10 minutter lang gitarsolo av Eddie Hazel der han er meir Jimi Hendrix enn Jimi Hendrix. "The Creator Has a Master Plan" er Pharoah Sanders sitt mest kjende stykke og er eit 33-minutt lang fritt stykke.


"Maggot Brain" er kanskje Funkadelic sin mest kjende låt, og den har blitt covra av eit uttal artister siden den kom ut i 1971. George Clinton ba Eddie Hazel spele soloen som han hadde blitt fortald at mora var død for så å finne ut at det ikkje stemte. 

"The Creator Has a Master Plan" er eit langt stykke som er ein slags oppfølger til John Coltranes "A Love Supreme", og den har den samme spirituelle stemninga.  


Michael Gibbons frå Bardo Pond sin forklaring på kvifor dei covra desse låtane: "These tracks represent the apex of sublimity for us. They are archetypes for our way of making music. They both offer the listener a mainline to an emotional epiphany that can only be experienced through listening to these very songs. Through seemingly minimal means, gut wrenching tones and glorious repetition, a gateway opens, endorphins are released, illumination is attained. We stand in the light emanating from these Pyramids of Sound. We humbly rolled them up in the Lemur House as a form of pilgrimage. Please partake. Thanks."
Bardo Pond sine versjoner er kjørt igjennom Bardo Pond-kverna og høyrest derfor mest ut som Bardo Pond. Fine versjoner er det i alle fall. 



22. april 2013

Three Lobed Recordings

Three Lobed Recordings er eit lite amerikansk plateselskap som spesialiserer seg i ny psykedelisk musikk. Det blei starta for å gi ut ein Bardo Pond 10-tommer i 2000, og dei har no nesten hundre utgivelser på samvittigheten.


Musikken dei gir ut er psykedelia i mange ulike stiler og uttrykk. Alt frå den massive dronerocken til Bardo Pond til akustisk gitarplukking som Jack Rose og Steve Gunn. Dei har og gitt meir låtfokuserte ting som D. Charles Speer & The Helix og MV & EE. Felles for alle artistane er at dei følger sin egen sti og at dei er villige til å følge den så langt den går. 

Min forløpige Three Lobed-favoritt er Bardo Pond sin "Circuit VIII", som er ein massive 44-minutt lang låt som inneheld alt eg elsker ved det bandet. Den starter med ein fantastisk fuzza drone som så går over i ei rolig akustisk parti før ein lang og massiv jam overtar.


Andre utgivelser eg anbefaler sterkt er "Fuzzweed" som er den foreløpig siste utgivelsen til MV & EE, "Eigth Trails, One Path" som er ein samling med nokre av dei mest spanande gitaristane for tida, og "Golden Gunn" som er eit samarbeid mellom Steve Gunn og Hiss Golden Messenger. Dei har og gitt vinylen til Horseback sin fantastiske droneplate "Impale Golden Horn" som tidlegare kun var tilgjengelig på cd. 

Mange av utgivelsane deira er av band og artistar som også gir ut ting på andre selskap, men som får utløp for sine særare sider i utgivelsane på three lobed. Eller at dei deltar på samlinger som "Eight Trails, One Path".


Spelelista eg har laga består av 22 utvalgte låter frå katalogen til Three Lobed Recordings. Den er forholdsvis lang då dei fleste låtane er mellom 5 og 10 minutter lange. I tillegg er det eit par 17-20 minutt lange spor og ein Tom Carter improvisasjon som er nesten 37 minutt lang. Ein fin Bardo Pond på sitt meste Bardo Pondske, akustisk gitarklimpring frå Steve Gunn, Jack Rose, Sir Richard Bishop og Six Organs of Admittance. Droning frå Evan Caminiti, Heavy Winged, Eternal Tapestry, Pete Swanson og Glacial. Og meir americana-aktige saker frå D. Charles Speer & the Helix, Golden Gunn og MV & EE. Og meir attåt. Forhåpentligvis fell ein del i smak og gir ein lyst til å utforske katalogen til Three Lobed Recordings. 



Det aller meste av det Three Lobed har gitt ut er tilgjengelig både på Spotify og på bandcamp. I tillegg er ein del tilgjengelig på WiMP, men der mangler det dessverre ein del.

19. april 2013

Dagens låt 19.04.2013


No har eg hatt dagens låt i eit år og det er på tide å ta ein pause frå det. Eg veit ikkje heilt kor ofte eg kjem til å oppdatere bloggen framover, men den skal fortsette.

Den siste dagens låt er ein av mine favorittlåter av ein av mine favorittartister. "Cosmia" er siste låt på Joanna Newsom si fantastiske plate "Ys". Ein utrulig fin låt med øyeblikk som overgår det aller meste når det gjelder musikk

18. april 2013

Dagens låt 18.04.2013


Six Organs of Admittance er eit av mine favorittband og "Shelter From the Ash" er min favoritt. Spor 2 på den plate "Strangled Road" er ein nydelig låt både i plateversjon og live. 



17. april 2013

Dagens låt 17.04.2013


"(Don't Fear) The Reaper" er ein skikkelig rockeklassiker og sannsynligvis den beste låten The Byrds aldri skreiv. I tillegg har den gitt oss denne fantastiske sketsjen. 


More Cowbell from Fair Oaks Videos on Vimeo.

16. april 2013

Dagens låt 16.04.2013


"Tiny Dancer" fekk ein renessanse etter at den blei brukt til fantastisk effekt i "Almost Famous". Det er ein av Elton John sine beste låter, og den fortjener å bli dagens låt. 


15. april 2013

Dagens låt 15.04.2013


"Waitin' Around to Die" er ein av dei vaktraste og tristaste låtane som er skrevet. Townes Van Zandt spelte den inn mange ganger og eg har valgt to versjoner. Den første som kom på hans første plate og så versjonen som blei spelt inn kort tid før han døde. 




14. april 2013

Dagens låt 14.04.2013


"No Cars Go" kom opprinneleg ut på ein EP Arcade Fire gav ut før "Funeral" i 2003. Sangen blei spelt inn på nytt til "Neon Bible". Begge versjonane er bra så her er dei.


13. april 2013

Dagens låt 13.03.2013


I kveld skal eg på nok ein Motorpsychokonsert og då passer det bra at dagens låt er den motorpsycholåten eg har mest lyst å høyre live som eg enda ikkje har. "Junior" kom på "Demon Box" og fekk navnet på grunn av likheten til Dinosaur Jr. 

12. april 2013

Dagens låt 12.04.2013


Ghost er eit svensk band som gjer sitt beste for å være anonyme. "Opus Eponymous" kom i 2010 og vakte stor oppmerksomhet. Musikken er klassiks 70-talls hardrock med okkulte tekster. Ei bra plate og den nye plata som er rett rundt hjørnet er det store forventninger til. "Ritual" er ein catchy låt som på mange måter er typisk Ghost. 

11. april 2013

Dagens låt 11.04.2013


"March of the Fire Ants" er frå den første Mastodon-plata og det er ein fantastisk metallåt med eit herlig mellomspel.

10. april 2013

Dagens låt 10.04.2013


"Sinnerman" er ein gamal tradisjonel amerikansk låt som fekk sin definitive tolkning av Nina Simone. Det er ein 10 minutt lang versjon med eit voldsomt driv som er umulig å mislike.


9. april 2013

Dagens låt 09.04.2013


"September Gurls" er powerpop slik powerpop skal lages. Ein fantastisk melodi med deilige gitarer.

8. april 2013

Dagens låt 08.04.2013


"Ruby, Don't Take Your Love to Town" er ein av dei tristaste låtane som er skrevet. Den handler om ein lam krigsveteran som ser på kona som kler seg opp for å gå ut på byen og som ber ho om å bli heime. Fantastisk låt. 


7. april 2013

Dagens låt 07.04.2013


"Solitude" er ein av Black Sabbath sine finaste ballader, og den har ein fantastisk stemning. Ulver har og covra denne på utmerka vis. 


6. april 2013

Dagens låt 06.04.2013


"Naked Eye" kom aldri ut på eit av studioalbuma til The Who, og det er synd då dette er ein av Pete Townshend sine beste låter.


5. april 2013

Dagens låt 05.04.2013


Electric Wizard er eit av dei tyngste og mest innrøyka banda på planeten, og deira beste plate er "Dopethrone". Tittelsporet er fantastisk og blir derfor dagens låt. 

4. april 2013

Dagens låt 04.04.2013


Spoon har hittil kun hatt ein låt som dagens låt og det er på tide å finne fram dei igjen. "Gimme Fiction" er Spoon si lengste plate, men den er fortsatt så tight og økonomisk som Spoon pleier å være. "I Turn My Camera On" er funky og catchy som fy og viser nok ei side av Spoon. 

3. april 2013

Dagens låt 03.04.2013


Eg høyrde "Revival" for første gang då den blei brukt i ein episode av Friday Night Lights og låten har hengt med meg siden då. Ein fantastisk gospellåt med Mark Lanegan på vokal som ein kan høyre på repeat heile dagen. 


2. april 2013

Dagens låt 02.04.2013


"Roadrunner" er ein klassisk rockelåt som berre går og går og lever opp til navnet. 




1. april 2013

Dagens låt 01.04.2014


"I See a Darkness" er kanskje Bonnie 'Prince' Billy/Will Oldham sin aller beste låt. Johnny Cash covra den på fantastisk vis, men Bonnie 'Prince' Billy sin versjon er fortsatt best.