30. september 2012

Dagens låt 30.09.2012


Baby Huey sin versjon av "A Change is Gonna Come" er den mest ute versjonen eg har høyrd. Fantastisk psykedelisk versjon som er produsert av Curtis Mayfield.

29. september 2012

Dagens låt 29.09.2012


Death eksisterte kun ein kort periode på 70-talet og dei gav kun ut ein 7" i løpet av tida dei dreiv. Dei spelte inn meir og 7 låter kom endeleg på plate i 2009 som Drag City gav ut. Det er ei fantastisk rockeplate og for meg er "Politician in My Eye" høgdepunktet. Fantastisk låt, og viss ein liker rock ala Stooges og MC5 bør den plata sjekkast ut.
 

28. september 2012

Dagens låt 28.09.2012


"I Must Not Think Bad Thoughts" er ein fantastisk låt av X som er å finne på "More Fun in the New World Plata". 

27. september 2012

Dagens låt 27.09.2012


"Via Chicago" er ein av mine største Wilco-favoritter. Ein vakker låt som ender opp i kaos fleire ganger før ei nydelig gitarlinje redder den. Fantastisk låt. 

26. september 2012

Dagens låt 26.09.2012


Det kjem snart ei ny Converge-plate så då passer det bra med eit av høgdepunkta frå den fantastiske "You Fail Me". 

25. september 2012

Dagens låt 25.09.2012


Pixies er eit legendarisk band, og mykje av grunnen til det er den fantastiske "Doolittle"-plata. Den plata avsluttes med "Gouge Away" som nok er min favorittlåt med Pixies. 

24. september 2012

Dagens låt 24.09.2012


"The Dead Flag Blues" er første låt på den første plata til Godspeed You Black Emperor!, og det er enkelt og greit soundtracket til jordas undergang. 

23. september 2012

Dagens låt 23.09.2012

Monopot kom berre med to plater før dei gav seg, og begge to er fantastiske. Eg heldt nok den første "Something is Like Nothing Was" som min favoritt, men "Optipess" er også veldig bra. Monopot sin musikk har mykje til felles med det fantastiske bandet Codeine, men det snik seg og inn litt post rock. Det er ein fantastisk spenning i musikken som aldri heilt slepp taket. Fantastisk band og plate. 

Lead a Horse to Water

Eg har i det siste høyrd mykje på britisk folk og her er ei speleliste med ein del låter i den sjangeren eg har fått sansen for. Viss ein har sansen for bra melodier, triste tekster og dronete fioliner passer den perfekt. 

22. september 2012

Dagens låt 22.09.2012


"Let It Ride" er ein av mine Dinosaur Jr. favoritter. Dinosaur Jr. er både laidback og aggressive på same tid, og ein får i tillegg mykje gitarhelteri frå J. Mascis. Fantastisk band og fantastisk låt. 

21. september 2012

Dagens låt 21.09.2012


"Rise Above" er ein fantastisk hardcore-låt som gjer seg på ein fredag ettermiddag. "Rise Above" er i tillegg første låt på debutalbumet "Damaged" som er ein skikkelig rockeklassiker. 

20. september 2012

Dagens låt 20.09.2012


"Calvary Cross" er eit av høgdepunkta på "I Want to See the Bright Lights Tonight", som er den første Richard and Linda Thompson-plata og ei fantastisk plate. 

19. september 2012

Dagens låt 19.09.2012


Dagens låt er "My Donald" av Rachel Unthank som er ein vakker låt frå ei plate eg nett oppdaga. Mykje bra fiolinspel og den går frå ein roleg dronete start inn i eit meir opptempo og klassisk parti før den er tilbake til starten. 

18. september 2012

Dagens låt 18.09.2012


"Caecilia" er den vakraste låten på Fennesz si "Endless Summer"-plate. Det har nok aldri vert laga ei støyplate som er finare eller meir melankolsk enn den plata. 

17. september 2012

Dagens låt 17.09.2012


Ein treng litt catchy rock 'n roll på ein tung og grå mandag, og då passer "On a Rope" av Rocket from the crypt bra. 

16. september 2012

Dagens låt 16.09.2012


Paul Westerberg er nok mest kjend for The Replacements, men han har og gitt ut ein del fine soloplater. Spesielt "Eventually" er bra, og "Love Untold" er høgdepunktet på den. Ein nydelig låt med ein trist historie og ein veldig bra gitarsolo. 

15. september 2012

Dagens låt 15.09.2012


Lee Ranaldo pleier å levere bra låter til Sonic Youth sine album, og dagens låter er to som kom ut på forskjellige album, men som heng saman. Karen Koltrane og Karen Revisited er begge lange låter som etterkvart ender opp i vakker støy.


14. september 2012

Dagens låt 14.09.2012


Trees er eit britisk folk-rockband som holdt på på slutten av 60-talet og tidleg på 70-talet. Dei held seg i nærleiken av Fairport Convention og deira versjon av "Sally Free and Easy" er fantastisk. 


13. september 2012

Dagens låt 13.09.2012


"Djohariah" er Sufjan Stevens hyllest til hans søster og det er ein fantastisk låt som starter med ein eviglang gitarsolo før han syng dei siste minutta. For meg er det høgdepunktet på den fantastiske "All Delighted People EP"en. 

12. september 2012

Dagens låt 12.09.2012


"Fortunate Son" er ein sinna låt om nepotisme og korleis dei heldige slepp unna krigens realiteter. Fantastisk låt som rocker som berre det. 

11. september 2012

Dagens låt 11.09.2012


"All My Friends" er LCD Soundsystem sin beste låt, og Pitchfork hadde den som beste låt i 2007 og som nest beste låt under heile 2000-talet. Det er ein låt som handler om å bli eldre og musikken drives framover på fantastisk vis. Dette er ein live i studioversjon og den er om mulig enda bedre. 

10. september 2012

Dagens låt 10.09.2012


"Pictures in an Exhibition" er ein av mine Death Cab for Cutie-favoritter, og eit fantastisk eksempel på kva dei gjorde veldig bra i byrjinga av karrieren deira. Spesielt refrenget er fantastisk. 



9. september 2012

Dagens låt 09.09.2012


"Eyes of the World" er ein av dei rolege flytande Grateful Dead-låtane, og passer difor veldig godt inn på ein roleg søndag. 

8. september 2012

Dagens låt 08.09.2012


Pallbearer har gitt ut årets beste doom-album og første låt ut er akkurat så episk, depressiv og bra som ein vil ha det. 

7. september 2012

Dagens låt 07.09.2012


"One Hundred Stranded Horses" var den første Richard Youngs-låten eg høyrde, og den tok tak i meg med ein gang. Låten blei vistnok spelt inn to ganger og miksa i lag og det kan ein høyre og det skaper også ein heilt egen stemning.

6. september 2012

Dagens låt 06.09.2012

Eg oppdaga Red River Dialect etter at Ben Chasny anbefalte den på twitter, og plata leverer virkeleg. Britisk folk med ein del psykedeliske anslag. Fantastisk plate og "Lion Walks Among" er den beste låten så langt. 

5. september 2012

Dagens låt 05.09.2012


Onsdag er ein dag der ein treng litt ekstra futt for å kome igjennom dagen, og då er Gallows eit bra band å høyre på. "Grey Britain" er eit strålande album, med fleire fantastiske låter. "I Dread the Night" er aggressiv og har allsangvenlige refreng som ein kan brøle ut saman med bandet. 

4. september 2012

Dagens låt 04.09.2012


"Echoes" av Pink Floyd passer perfekt viss ein vil flyte roleg avgårde frå dagens kjas og mas. Fin melodi og ein fantastisk jam i midten. Synd at dei etterkvart gjekk litt vekk frå denne typen musikk. 

3. september 2012

Dagens låt 03.09.2012


Union Carbide Productions er gudfedrene til rock 'n roll-bølga i skandinavia på 90-tallet. Unge svensker som har høyrd mykje MC5 og Stooges og drar det enda litt lenger. Etter at UCP gav seg starta fleire av medlemmane The Soundtrack of Our Lives og fekk suksess med det. Første plata til UCP "In the Air Tonight" er ei klassisk rock 'n roll-plate med masse energi og fantastiske låter. 


2. september 2012

Dagens låt 02.09.2012


"Napoleon Solo" er ein av At the Drive-in sine rolegaste låter og også ein dei låtane der bandet sine følelser ligg utenpå musikken. Låten er høgdepunktet på "In/Casion/Out" og også i karriereren totalt. 

1. september 2012

Dagens låt 01.09.2012


"I Can See for Miles" er The Whos mest psykedeliske låt, og også ein av deira aller beste.