30. november 2012

Dagens låt 30.11.2012


"Misty" er eit av høgdepunkta på det fantastiske albumet "50 Words for Snow". Det er ikkje heilt ein julesang, men den handler om ein snømann så difor blir den dagens låt i dag og ikkje i desember. 


29. november 2012

Dagens låt 29.11.2012


"The Wolves (Act I and II)" er midtpunktet på "For Emma, Forever Ago" og kanskje den beste låten på den plata. "Act I" er roleg og vakker, og "Act II" bygger seg sakte opp der tekstlinja "What might have been lost" gjentas igjen og igjen med stadig økande intensitet. Dette fungerer sjølvsagt enda betre live enn på plate, og eg har difor lagt ved eit liveopptak frå youtube. 


28. november 2012

Dagens låt 28.11.2012


"Kettering" er spor to på The Antlers sin fantastisk debut "Hospice". Plata er melankolsk, mørk og vakker. Med andre ord perfekt for ein mørk novemberkveld. 

27. november 2012

Dagens låt 27.11.2012


Eg hadde egnetlig lyst til å ha a cappella versjonen av "Summer's Edge" som dagens låt, men den er dessverre ikkje lett tilgjengelig på nettet. Difor blir det "Summer's Edge II" som blir dagens låt. Melodien er den same, men denne versjonen har backingspor og.

26. november 2012

Dagens låt 26.11.2012


The Warlocks er eit band eg egentlig burde likt meir enn eg gjer, men "Moving Mountains" treff meg der den skal. 



25. november 2012

Dagens låt 25.11.2012


"Realize" er åpningssporet på "Barely Real" EP-en som Codeine gav ut i 1992. Låten er på mange måter typisk for kva Codeine dreiv på med, og viss ein liker denne bør ein sjekke ut resten av katalogen deira. 

24. november 2012

Dagens låt 24.11.2012


"Untitled #1" er eit av to store høgdepunkt på "The Blue Moods of Spain". Det andre er sjølvsagt "Spiritual" som er blitt covra av ei lang rekke artistar. "Untitled #1" har ein catchy melodi og rusler avgårde i eit passeleg tempo. 

23. november 2012

Dagens låt 23.11.2012


"Once" er nok ein nydelig låt frå "Something is Like Nothing Was". Etter at Monopot blei oppløyst har det kome meir musikk frå den kanten, men med minimalt med oppstus. Musikken kan lastas ned gratis frå Black Smoke Records. Mykje fint der som bør høyrast. 

22. november 2012

Dagens låt 22.11.2012


"Charlotte Sometimes" er ein av The Cure sine beste og mest melankolsek låter og det passer veldig bra ein regntung novermberdag. 

21. november 2012

Dagens låt 21.11.2012

"Love Hurts" er gjort i ørten forskjellige versjoner, men for meg er det kun ein som tel, og det er sjølvsagt Gram Parsons og Emmylou Harris sin. Det er vanskelig å finne ein finare og tristare versjon av denne. 

20. november 2012

Dagens låt 20.11.2012


Emmylou Harris skreiv ikkje mange låter tidleg i karrieren, men når ho først gjorde det var det solide saker. "Boulder to Birmingham" handler om Gram Parsons og er eit av Emmylou sine største øyeblikk.

19. november 2012

Dagens låt 19.11.2012


"Homeopathic" er første låt på "Gift for the End" og det er ein nydelig låt. Resten av plata er like bra, og det er definitivt ein av årets beste plater. 

18. november 2012

Dagens låt 18.11.2012


"Intervention" var første smakebit frå "Neon Bible" og eg kan hugse at eg spelte låten om og om igjen då den dukka opp på nettet. Ein fantastisk låt som eg fortsatt er akkurat så storslagen og intens som Arcade Fire skal være.

17. november 2012

Dagens låt 17.11.2012


"Dans til Musikken" er frå The Aller Værste! sin andre singel og er ein fantastisk dansbar låt. Og den har ein støyande og atonal solo som passer perfekt inn.

16. november 2012

Dagens låt 16.12.2012


"Whole Lotta Rosie" er AC/DC sin aller tøffete låt og ein perfekt låt til fredagskvelden. Dessverre er ikkje AC/DC tilgjengelig på streaming, så det må bli ein livevideo frå youtube. 

15. november 2012

Dagens låt 15.12.2012


"I'm Eighteen" er kanskje Alice Cooper sin største klassiker. Tøft riff og allsangvennlig refreng (Turboneger har sjølvsagt stjelt det) gjer dette til ein perfekt låt øldrikking. 

14. november 2012

Dagens låt 14.12.2012


"Alison" er ein nydelig melankolsk poplåt frå Slowdive. På mange måter ein tidstypisk låt i shoegazeånda, men melodien er nydelig og låten har eit perfekt tempo. 

13. november 2012

Dagens låt 13.11.2012


"Sigourney Weaver" er ein av mange fantastiske låter på John Grant sin "Queen of Denmark". Heile palta er bra og denne låten er ein av dei første som sett seg på hjernen. 

12. november 2012

Dagens låt 12.11.2012


Krallice er eit band eg har eit litt anstrengt forhold til. Dei har ein del bra saker, men det blir fort litt for mykje med dei. Eit fantastisk unntak er dog "Forgiveness in Rot" som er siste låt ut på deira første plate. Episk, storslagent og med ein melodi som ein kan gripe tak i. 


11. november 2012

Dagens låt 11.11.2012


Midnight Choir gav ut eit par-tre fantastiske plater før dei gav seg, og "The Ballad of Emma Deloner" er det største høgdepunktet på den fyrste av dei. Episk, melankolsk og fryktelig vakkert. 


10. november 2012

Dagens låt 10.11.2012


"Waterloo Sunset" er ein av dei alle finaste låtane. Ray Davies sin romantiske beskrivelse av London er nydelig og melodien er om mulig enda finare. 

9. november 2012

Dagens låt 09.11.2012


Eg har tidlegare hatt Wye Oak sin versjon "Strangers" som dagens låt, og i dag er det på tide med originalen til The Kinks. "Strangers" er ein Dave Davies-låt og den viser at han på sitt beste nesten når opp til Ray sine høgdepunkt. 

8. november 2012

Dagens låt 08.11.2012


"From Grace" er første låt på "...That Great October Sound" og det er ein fantastisk låt som tar tak og ikkje slepp. 

7. november 2012

Dagens låt 07.11.2012


"White Chalk" er tittelsporet på PJ Harvey sitt roligaste album og det er ein fantastisk fin låt. Plateversjonen er veldig bra og solo liveversjonen er heilt fantastisk. 


6. november 2012

Dagens låt 06.11.2012


"Bruton Town" er ein gamal klassisk britisk morderballade som blir framført på fantastisk vis av Sharron Kraus, Meg Baird og Helena Espvall på plata "Leaves From Off The Tree".

5. november 2012

Dagens låt 05.11.2012


"Feeling Good" er opprinneleg ein låt frå ein musical, men har blitt mest kjend gjennom Nina Simone sin versjon. Andre har prøvd seg på låta, men ingen når opp til denne versjonen. 

4. november 2012

Dagens låt 04.11.2012


Mad Season er ei supergruppe beståande av medlemmar frå Alice in Chains, Pearl Jam og Screaming Trees. På " Long Gone Day" får dei og hjelp av Mark Lanegan, og resultatet er veldig bra. 


3. november 2012

Dagens låt 03.11.2012


"Junkhead" er min Alice in Chains-favoritt og ein av dei sentrale låtane på "Dirt". Og refrenget viser Layne Staley sin dopfilosofi:
"What's my drug of choice?  
Well, what have you got?
I don't go broke
And I do it alot "

2. november 2012

Dagens låt 02.11.2012


"Foggy Notion" er ein av Velvet Underground sine tøffaste låter, men den kom ikkje offisielt ut før i 1985. Den blei likevel covra av Rocket from the Tombs midt på 70-talet, og låta høyrest fortsatt fantastisk ut. 

1. november 2012

Dagens låt 01.11.2012


"Up the Ladder to the Roof" er motown-pop på sitt aller beste. Flott låt og fantastisk refreng.