28. februar 2013

Dagens låt 28.02.2013


"Magical Mystery Tour" er ein rotete film, eit fantastisk EP, og ein kul låt. 

27. februar 2013

Dagens låt 27.02.2013


"Love You To" Er ein George Harrison-låt og ein låt som fortsatt låter moderne. Den er ikkje veldig langt unna det Animal Collective gjorde på "Merriweather Post Pavilion" 40 år seinare.

26. februar 2013

Dagens låt 26.02.2013


"It Won't Be Long" er The Beatles og John Lennon på sitt gladeste og mest opprømte. Ein herlig poplåt om å lengte etter å sjå sin kjære igjen.

25. februar 2013

Dagens låt 25.02.2013


"Because" er kanskje John Lennon sin vakraste låt. På "Abbey Road" versjonen er det med backing track, men på Anthology 3 finnes det ein versjon uten den og den er utruleg vakker. 

24. februar 2013

Dagens låt 24.02.2013


"Sometimes" er George Harrisons mest kjende sang, og ein nydelig ballade som Frank Sinatra sa var Lennon/McCartney sin beste melodi. Ein bør og legge merke til McCartney sitt nydelige bassspel.

23. februar 2013

Dagens låt 23.02.2013


"Helter Skelter" er låten der Paul McCartney viser at han kan rocke han og. Ein fantastisk låt og Ringo som brøler "I've got blisters on me fingers!" er den perfekte avsluttningen. 

22. februar 2013

Dagens låt 22.02.2013


"A Day in the Life" er kanskje Beatles sin aller beste låt. Ein fantastisk Lennon-melodi blanda med orkesterbråk og eit poppa McCartney-melomspel. 

21. februar 2013

Dagens låt 21.02.2013


"And Your Bird Can Sing" er ein av mange fantastiske låter på "Revolver", og den er ein av dei mest poppa på den plata. 



20. februar 2013

Dagens låt 20.02.2013


"Rain" er ei av The Beatles sine beste b-sider. Ein herlig psykedelisk låt som blei spelt inn fort og så blei farten senka i etterkant noko som skaper ein rar og herlig stemning. I tillegg er det baklengs vokal på refrenget. Alt dette fører til at låten fortsatt høyres moderne ut. 


19. februar 2013

Dagens låt 19.02.2013


"A Taste of Honey" er ein cheesy cover av ein låt som vart skrevet til eit broadway show. Det var naturligvis Paul McCartney som ønska å ha den med. Uansett ein fin versjon av ein fin melodi.

18. februar 2013

Dagens låt 18.02.2013


Det er på tide med The Beatles som dagens låt, og då begynner eg med ein av mine favoritter og ein av deira beste poplåter. "Anytime at all" er catchy som fy og ein av dei beste tidlege Beatleslåtane.



Beatles White Album X100

Her er eit interessant eksperiment. 100 versjoner av side A av White Album spelt samstundes. Det blir sjølvsagt mindre synkront ettersom tida går. For meg funker det best frå start til etter Glass Onion. Dear Prudence slik er fantastisk. 


17. februar 2013

Dagens låt 17.02.2013


"Rosalita (Come Out Tonight)" er den unge Bruce Springsteen på sitt beste. Forfattaren George Pelecanos har sagt om låten: "One of the great rock'n roll performances, and as close to a perfect song as anyone's ever recorded." Viss ein ikkje blir i godt humør av låten og ikkje skråler med på refrenget har ein utrulig dårlig dag. 


16. februar 2013

Dagens låt 16.02.2013


James Blackshaw er også ein fantastisk gitarist og han høyrest ut som eit heilt orkester sjølv om han kun speler på ein 12-strengs gitar. 

15. februar 2013

Dagens låt 15.02.2013


Jack Rose døde dessverre for eit par år siden og verda mista ein fantastisk gitarist. "Calais to Dover" er eit fantastisk eksempel på kva han kunne. 

14. februar 2013

Dagens låt 14.02.2013


I dag er det valentinerdagen og då passer det godt med den finaste versjonen av "My Funny Valentine". Det er selvfølgelig Chet Baker sin versjon.

13. februar 2013

Dagens låt 13.02.2013


The Afghan Whigs er eit knallbra band som hadde seg ein pause, men er no tilbake. Eg oppdaga dei med plata "Black Love" og "My Enemy" frå den plata er ein av deira tøffaste rockelåter.

12. februar 2013

Dagens låt 12.02.2013


"One More Cup of Coffee" er ein av mine Dylan-favoritter og ein låt som viser at Dylan kan synge. Nydelig låt med fantastisk koring av Emmylou Harris.

11. februar 2013

Dagens låt 11.02.2013


"Roland The Headless Thompson Gunner" er ein fantastisk låt om ein norsk leigesoldat som blir bedratt av ein venn/kollega før han går igjen og tar sin hevn. 

10. februar 2013

Dagens låt 10.02.2013


"New Mama" finn ein på "Tonight's the Night" og det er ein hyllest til hans daverende samboer og mor til hans første barn. Ein nydelig låt som passer perfekt på morsdagen.



9. februar 2013

Dagens låt 09.02.2013


Det er på tide med litt tyngre saker igjen og då passer Melvins bra. "The Bit" er ein seig tung sak, med eit herlig riff. 

8. februar 2013

Dagens låt 08.02.2013


Det har ikkje vert særlig med lyd frå The Donnas på mange år, så det er på tide å finne fram dei gamle platene. "Fall Behind Me" er frå "Gold Medal" som kom i 2004 og det er fortsatt ein tøff rockelåt. Perfekt på ein fredags ettermiddag. 

7. februar 2013

Dagens låt 07.02.2013


"The Hungry Stones" høyrest ut som Neil Young på syre og det er selvfølgelig fantastisk. 

6. februar 2013

Dagens låt 06.02.2013


"The Girl Who Lives on Heaven Hill" er ein av Grant Hart sine beste låter og eit av høgdepunkta på "New Day Rising". Deilig fuzzgitar og eit fantastisk refreng er egentlig alt som trengs. 

5. februar 2013

Dagens låt 05.02.2013


Det er på tide med litt jazz og då passer det bra å plukke fram "Prayer" av Atomic. Låten er laga av bassist Ingebrigt Håker Flaten, og det er ein vakker låt som bygger seg opp slik eg liker det. 

4. februar 2013

Dagens låt 04.02.2013


"Guns of Brixton" er den første låten Paul Simonon skreiv for The Clash og for ein låt det er. Herlig dubby bass og fantastisk melodi. 

3. februar 2013

Dagens låt 03.02.2013


"One Million Billionth of a Millisecond on a Sunday Morning" er ein av dei beste låtane frå første del av Flaming Lips sin diskografi. Ein kan høyre at dei har høyrd på Pink Floyd, og så er låttittelen veldig flaming lipsk. 


2. februar 2013

Dagens låt 02.02.2013


"In the Aeroplane Over the Sea" er kanskje den beste plata som kom ut på 90-tallet. Ei fantastisk plate som ein får følelsen av måtte lages. "Holland, 1945" er kanskje den mest catchy låten på plata og viss ein liker den må ein høyre resten av plata også.

1. februar 2013

Dagens låt 01.02.2013


Foo Fighters er og eit band eg likte ein periode før eg mista interessen. "February Stars" er frå den siste plata eg kjøpte med Foo Figthers og det er ein fin powerballade.