22. april 2013

Three Lobed Recordings

Three Lobed Recordings er eit lite amerikansk plateselskap som spesialiserer seg i ny psykedelisk musikk. Det blei starta for å gi ut ein Bardo Pond 10-tommer i 2000, og dei har no nesten hundre utgivelser på samvittigheten.


Musikken dei gir ut er psykedelia i mange ulike stiler og uttrykk. Alt frå den massive dronerocken til Bardo Pond til akustisk gitarplukking som Jack Rose og Steve Gunn. Dei har og gitt meir låtfokuserte ting som D. Charles Speer & The Helix og MV & EE. Felles for alle artistane er at dei følger sin egen sti og at dei er villige til å følge den så langt den går. 

Min forløpige Three Lobed-favoritt er Bardo Pond sin "Circuit VIII", som er ein massive 44-minutt lang låt som inneheld alt eg elsker ved det bandet. Den starter med ein fantastisk fuzza drone som så går over i ei rolig akustisk parti før ein lang og massiv jam overtar.


Andre utgivelser eg anbefaler sterkt er "Fuzzweed" som er den foreløpig siste utgivelsen til MV & EE, "Eigth Trails, One Path" som er ein samling med nokre av dei mest spanande gitaristane for tida, og "Golden Gunn" som er eit samarbeid mellom Steve Gunn og Hiss Golden Messenger. Dei har og gitt vinylen til Horseback sin fantastiske droneplate "Impale Golden Horn" som tidlegare kun var tilgjengelig på cd. 

Mange av utgivelsane deira er av band og artistar som også gir ut ting på andre selskap, men som får utløp for sine særare sider i utgivelsane på three lobed. Eller at dei deltar på samlinger som "Eight Trails, One Path".


Spelelista eg har laga består av 22 utvalgte låter frå katalogen til Three Lobed Recordings. Den er forholdsvis lang då dei fleste låtane er mellom 5 og 10 minutter lange. I tillegg er det eit par 17-20 minutt lange spor og ein Tom Carter improvisasjon som er nesten 37 minutt lang. Ein fin Bardo Pond på sitt meste Bardo Pondske, akustisk gitarklimpring frå Steve Gunn, Jack Rose, Sir Richard Bishop og Six Organs of Admittance. Droning frå Evan Caminiti, Heavy Winged, Eternal Tapestry, Pete Swanson og Glacial. Og meir americana-aktige saker frå D. Charles Speer & the Helix, Golden Gunn og MV & EE. Og meir attåt. Forhåpentligvis fell ein del i smak og gir ein lyst til å utforske katalogen til Three Lobed Recordings. 



Det aller meste av det Three Lobed har gitt ut er tilgjengelig både på Spotify og på bandcamp. I tillegg er ein del tilgjengelig på WiMP, men der mangler det dessverre ein del.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar