10. juni 2013

Deafheaven


Deafheaven er eit amerikansk svartmetallband som kombinere black metal, shoegazing og post-rock til fantastisk resultat. Dei debuterte for eit par år sidan med plata "Roads to Judah" og er no aktuelle med plate nummer 2 "Sunbather". Mellom plate 1 og 2 gav det ut ein splitsingel med Bosse-de-Nage der dei covra dei to første låtane frå Mogwai si "Come On Die Young"-plate. Dei gir ut platene sine på Deathwish inc, som er plateselskapet til Jacob Bannon frå Converge.

"Roads to Judah" er ein fantastisk debut der dei blander svartmetall og shoegaze på dei 4 lange låtane (den kortaste er 6 minutt). Deafheaven blander dei to sjangrane på ein heilt annan måte enn for eksempel Alcest som stort sett er mykje mindre aggressive. Deafheaven har og ein del screamo i uttrykket sitt noko som først og fremst kjem til uttrykk i vokalen som er aggressiv på ein annan måte enn det som er vanleg i svartmetallen. I tillegg greier dei og å ha dei storslåtte melodiane frå post-rocken som fører til at musikken har eit glimt av håp og lys.





"Sunbather" tar musikken deira eit steg vidare. Plata er samstundes meir intens og meir oppløftande. "Sunbather" har som "Roads to Judah" 4 lange spor, men den har og 3 kortare mellomspel. Desse varierer frå varsomt piano til rein støy som går over til akustisk gitarklimpring. Ein kan og tydlegare høyre påvirkningen frå band som Mogwai i partier der dei roer det ned med blastbeats. 
Alt dette har sjølvsagt ført til at black metal-puristane hater bandet på same måte som dei hater Liturgy. Produksjonen er ikkje nekro nok og både liksminke og all anna ekstra staffasje mangler. Dei som avskriv bandet på grunn av det går glipp av eit fantastisk band og to fantastiske plater. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar